Hopp til innhold
Foto: Kjetil Tandstad/ Samlaget
Foto: Kjetil Tandstad/ Samlaget
X
Innhald

Jostein Fet

Jostein Fet, forskar, forfattar, kulturhistorikar og folkemusikar. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2004, og same året fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal. Han har synt at bøndene på 1700- og først på 1800-talet var meir lesekunnige enn ein før har trudd.

Jostein Fet er fødd 10. september 1924 i Sykkylven på Sunnmøre. Han tok examen artium ved Eids gymnas i 1947 og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1955, med norsk som hovudfag og historie og engelsk som bifag. Han underviste ved Telemark landsgymnas i tre år, før han flytta tilbake til Sunnmøre og vart lektor ved lærarskulen i Volda i 1958. Han var ein av pådrivarane for at Volda skulle få distriktshøgskule. Då denne skulen kom i gang i 1970, vart han undervisningsleiar og i 1988 dosent i norsk språk og litteratur ved det som då heitte Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda.
Tidleg interesse for folkemusikk
Fet voks opp på garden Fet i Velledalen i Sykkylven, i ein syskenflokk på åtte. Interessa for folkemusikk fekk han med seg frå heimen. Begge foreldra var levande interesserte i tradisjonsmusikk, og frå mor si lærte han mange religiøse folketonar. Han tok tidleg til å spele fele og lærte slåttane etter dei gamle spelemennene i Velledalen. Han har vore med på mange kappleikar, både individuelt, i lagspel og som dommar.
I Volda tok han i 1993 initiativet til å gjenreise Sunnmøre Spelemannslag, som har bestått av felespelarar frå Volda, Ørsta og Stranda, seinare òg frå Herøy.
Fet har òg skrive fleire bøker om folkemusikk og om utøvarar av folkemusikk. I 1999 kom så den store boka hans Folkemusikken i Møre og Romsdal. 190 slåttar og melodiar med kommentarar, med eit omfattande historisk materiale av både notar, tekstar og folkemusikkutøvarar, og den rolla folkemusikken spela i folks liv i Møre og Romsdal.
Han har òg skrive om sunnmørsdiktarar, og han «gjenoppdaga» den tidlegare populære salmediktaren Niels Johan Svee frå Stranda (1758–89), som han skreiv bok om i 1987. Svee var i si tid ein populær salmediktar, men ingen av salmane hans er å finne i dei mest brukte salmebøkene.
I åra 1990–2001 var Fet leiar for Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, med kontor og arkiv på Høgskulen i Volda. På desse åra rakk han å byggje opp ei stor samling folkemusikkmateriale, av notar, lyd- og videoopptak.
Banebrytande historieforsking
Fet har på eit viktig punkt revidert norsk historieskriving: Norske bønder på 1700- og 1800-talet eigde bøker og var slett ikkje så ukunnige til å lese og skrive som norske historikarar tidlegare har framstilt dei som. Dette har han funne ved å gå igjennom fleire tusen arveskifteprotokollar og anna kjeldemateriale, og han dokumenterer det i boka Lesande bønder (1995). I ei seinare bok, Skrivande bønder (2003), dokumenterer han at mange av desse bøndene òg kunne skrive.
I eit anna historisk arbeid, Eksetiana (2006) har Fet utarbeidd ein nokså nær komplett bibliografi over alt som vart trykt ved Aarflots Prenteverk på Ekset i Volda frå starten i 1809 fram til 1935, då prenteverket vart flytta inn til Volda sentrum. Det siste store arbeidet hans, Sunnmørske tunnamn – individ, samfunn, landskap, er ein omfattande studie som kom ut i 2010, det året han fylte 86.
Opp gjennom åra har han skrive ikkje berre bøker, men òg ei mengd artiklar i bøker, tidsskrift og aviser. Og han har halde mange foredrag.
Fet var medlem av kommunestyret i Volda i perioden 1971–75, som representant for Venstre. I denne tida hadde han fleire tillitsverv, mellom anna var han formann i bygningsrådet og medlem av fylkeskulturstyret.
I 1999 fekk han målprisen av Sunnmøre Mållag for framifrå nynorsk både i skrift og tale. I 2006 fekk han Sunnmørspostens kulturpris. I 2004 fekk han fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal og Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Samtale med Jostein Fet 5.4.2011
Folkemusikkbladet nr. 2/2004 og nr. 1/2005
Atle Døssland og Geir Hjorthol (red.): Lesande og skrivande bønder. Foredrag frå eit symposium. Volda 2005

Først publisert: 28.02.2014
Sist oppdatert: 11.04.2014