Hopp til innhold
X
Innhald

Julius Fure

Julius Andreas Fure, høgrepolitikar frå Selje som sette sterke spor etter seg, ikkje minst i det fylkespolitiske arbeidet i Sogn og Fjordane.

Fure var fødd 19. desember 1931 i Selje og døydde same staden 18. mars 2006. Han var busett på Leikanger i Selje, der han dreiv som kjøpmann. Han engasjerte seg politisk i Høgre og var ordførar i Selje i 1968–71 og i 1976–82. I 1976 var han drivkraft for, og kom inn på fylkestinget i Sogn og Fjordane på, ei liste som stod for desentralisert utbygging i fylket, og som tufta seg på den gamle sjukehusstriden. I 1980 gjekk han tilbake til Høgre, og han var medlem av fylkestinget fram til 1995, som fylkesvaraordførar i 1984–87 og fylkesordførar i 1988–91.
 
Fure markerte seg på mange ulike politiske område, ikkje minst når det galdt samferdsel og energiforsyning. I tida som fylkesordførar engasjerte han seg spesielt for å få sett i gang det såkalla «Sogn og Fjordane-prosjektet», som skulle betre folkehelsa gjennom ei styrking av det sjukdomsførebyggjande arbeidet. Prosjektet vekte merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
 
Kjelder
«70 år i dag: Handelsmann Julius Fure», Aftenposten 19.12.2001
 
Peikar
«Tidlegare fylkesordførar Julius Fure er død», nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Først publisert: 21.07.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018