Hopp til innhold
Kaci Kullmann Five. Foto: Stortinget.
Kaci Kullmann Five. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Kaci Kullmann Five

Kaci Kullmann Five, cand.polit. i statsvitskap og politikar. Leiar i Den norske Nobelkomité frå 2015 og til ho døydde i 2017. Kullmann Five var den første kvinnelege leiar i partiet Høgre.

Karin Cecilie Kullmann Five var fødd 13. april 1951 i Oslo og døydde 19. februar 2017. Ho tok examen artium ved Nadderud videregående skole i Oslo i 1969 og gjekk på studentfaglinja ved Oslo Handelsgymnasium i 1970. Ho blei cand.mag. ved Universitetet i Oslo med faga offentleg rett, fransk og statsvitskap i 1975 og cand.polit. ved same universitet i 1981, med ei oppgåve om erfaringar med etableringslova.

I perioden 1980–81 var Kullman Five konsulent i Norsk arbeidsgivarforeining (no NHO), i 1981–97 var ho stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus, og i 1989–90 var ho handels- og skipsfartsminister. I åra1997–98 arbeidde ho for European Policy Advisors, frå 1998 til 2002 var ho konserndirektør i Aker RGI (Resource Group International), og frå 2002 dreiv ho Kaci Rådgivning.

Kullmann Five hadde ulike styreverv i Unge Høgre i 1970–79, og ho var mellom anna medlem av sentralstyret i 1973–77 og den første kvinnelege leiaren i ungdomsorganisasjonen i 1977–79. Ho var kommunestyrerepresentant for Høgre i Bærum i 1975–81, medlem av sentralstyret i Høgre i 1975–82, 2. nestleiar i 1982–84, 1. nestleiar i 1984–88 og partileiar i 1991–94, som første kvinne i denne posisjonen. Kullmann Five var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Akershus i 1977–81 og fast representant i 1981–97, då ho først var medlem av finanskomiteen og seinare i utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Allereie som ungdomspolitikar var ho sentral i den offentlege politiske debatten og representerte ein ny generasjon politikarar når det galdt stil. Ho var eit politisk talent, arbeidde mykje med økonomisk politikk, naturvern, likestilling og sosial- og helsepolitikk. Hovudinteressa blei etter kvart europeisk samarbeid og forholdet til EU, der målet hennar var norsk medlemsskap. I 1997 sa ho nei til attval til Stortinget og gjekk ut av politikken.

Kullmann Five hadde ei lang rekkje administrative og offentlege verv, mellom anna var ho nestleiar i rådet for SOS-barnebyar i 1997–2002 og leiar frå 2002. I 2000–02 var ho leiar av styret for Noregs Eksportråd og i 2002–07 medlem av styret i Statoil. I Den norske Nobelkomité var ho varamedlem i 2000–02, medlem i 2003–09, nestleiar frå 2009 og leiar frå 2015 og fram til ho døydde i 2017. Kullmann Five blei utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen i 2006.

Kjelder

Kaci Kullmann Five, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/nn/Representanter-og-komiteer/Representantene/Dagens-motande/Representant/?perid=KKF [lesedato 3.3.2015]

Paul Thyness om Kaci Kullmann Five på snl.no: https://nbl.snl.no/Kaci_Kullmann_Five [lesedato 3.3.2015]

Peikarar

Sofie Gran Aspunvik, Reidun J. Samuelsen, Alf Ole Ask: «Kaci Kullmann Five ny leder av Nobelkomiteen», aftenposten.no

Kaci Rådgivning

«Kaci Kullmann Five er død», nrk.no

Først publisert: 11.03.2015
Sist oppdatert: 08.03.2017