Hopp til innhold
X
Innhald

Kirsten Flagstad

Kirsten Flagstad var operasongar. Flagstad er rekna for å vere den største utøvande norske musikaren nokon gong.

Kirsten Flagstad, 1895–1962, var operasongar (sopran) frå Hamar. Flagstad hadde Wagner-roller over heile verda og var særleg kjend for rollene Isolde og Brünnhilde.
Valkyrien
I rolla som Sieglinde i Valkyrien (Richard Wagner), 1935.
 
Flagstad debuterte på Nationaltheatret atten år gamal, i ei lita rolle i operaen Lavlandet, med kong Haakon og dronning Maud i salen.

Ho arbeidde ved Metropolitan i New York i 1935–41 og 1949–52. Seinare, i 1958–60, var ho sjef for Den Norske Opera. Flagstad stod bak ei rekkje grammofoninnspelingar, og mange såg på henne som «hundreårets stemme». Ho er rekna for å vere den største utøvande norske musikaren nokon gong og turnerte over store delar av verda.
Heimbyen Hamar har eit eige museum for Kirsten Flagstad, som opna i 1985.
Sjå og høyr Flagstad syngje Wagner:

Kjelder:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 11.04.2014