Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad, diktar, essayist og gjendiktar, er ein av dei mest omtykte og prislønte forfattarane i nyare norsk litteratur. I diktinga så vel som i sakprosaen har han brote ned skiljet mellom høgt og lågt, og med den fabulerande romankunsten sin har han endra synet på kva norsk litteratur er og kan vere.

Kjartan Fløgstad er fødd 7. juni 1944 i Sauda i Rogaland og bur no i Oslo. Han gjekk reallinja på Sauda gymnas og tok examen artium i 1963. Seinare byrja han på arkitekturstudiet på Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, men braut av etter eitt år. Fløgstad fullførte derimot studiane i litteratur og språk ved Universitetet i Bergen og blei cand.mag. i 1971.
Fløgstad har arbeidsrøynsle frå industrien, mellom anna frå Sauda Smelteverk, der han arbeidde i periodar i 1960-åra. Han har òg vore sjømann (i periodar mellom 1965 og 1971), og særleg avmønstringane i Latin-Amerika har prega både livet og litteraturen hans. Etter 1971 har Fløgstad livnært seg som forfattar.
Forfattarskapen til Fløgstad er prega av livleg førestillingskraft, stor kunnskap og eit rikt språk. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968 og følgde opp året etter med Seremoniar. Han har òg gjendikta poesi, mellom anna av Pablo Neruda. Heile den poetiske produksjonen hans er samla i Dikt og spelemannsmusikk 1968–1993 (1993). Fløgstad har først og fremst markert seg som romanforfattar og essayist. Med romanar som Dalen Portland (1977), Fyr og flamme (1980), Det 7. klima (1986) og Grand Manila (2006) har han etablert seg som ein av dei fremste prosadiktarane i Noreg. Essaysamlingane Loven vest for Pecos (1981) og Tyrannosaurus text (1988) er moderne klassikarar som ifølgje Atle Kittang har spela ei viktig rolle i norsk kulturdebatt. Samlingane handlar mellom anna om tilhøvet mellom kunst og politikk, og om kunsten si rolle i den nye medieverda. Fløgstad har òg skrive sakprosa i fleire andre sjangrar, og dessutan skodespelet Evig varer lengst (2000).
Han fekk Nordisk råds litteraturpris for Dalen Portland i 1978. Prissummen på 75 000 kroner (nærmare 300 000 kroner etter dagens verdi) gav han til Noregs Mållag til arbeid for nynorsk i skulen. Han har òg fått Kritikarprisen i 1980 for Fyr og flamme, Brageprisen i 1998 for Kron og mynt (1998), Diktartavla i 1998 og P2-lyttarane sin romanpris i 2006 for Grand Manila. For den sistnemnde boka fekk han òg sin andre kritikarpris. Vidare har han fått Gyldendalprisen i 1999 og Brages heiderspris i 2008. I 1994 var han den første festspeldiktaren under Dei nynorske festspela, og i 2000 var han festspeldiktar under festspela i Bergen. Han har elles fått to prisar frå den chilenske regjeringa, Bernardo O'Higgins-ordenen og Neruda-medaljen, for å spreie kunnskap om chilensk og latinamerikansk kultur, begge 2004. I 2005 blei han kåra til årets nynorskbrukar.
Poesi og tidleg prosa
Poesien til Fløgstad har modernistiske og symbolistiske trekk og er mindre politisk orientert enn romanane hans. I tillegg til dei to diktsamlingane finn vi òg poesi i romanane, om enn av eit anna slag, til dømes viser og dikt i rimbundne vers. Fleire av dei er tonesette av Vestlandsfanden på plata Ei god stund (1996). Fløgstad har òg skrive annan songlyrikk og fekk i 2003 Edvard-prisen for teksten til songen «Slak line», med melodi av Ola Bremnes.
Fløgstad er ein dyktig gjendiktar. Særleg diktinga til den chilenske nobelprisvinnaren Pablo Neruda har fått ei levande og myndig norsk språkdrakt. Samlinga Kapteinens vers (2003) er gjendikta i heilskap, medan Den store sangen (2004) finst i utval med fleire gjendiktarar. Fløgstad har òg gjendikta den britiske arbeidardiktaren Tony Harrison, noko moderne arabisk poesi (via spansk) og ei rekkje cubanske poetar.
Etter prosadebuten Den hemmelege jubel (1970) gav Fløgstad ut novellesamlinga Fangliner (1972), der arbeidarklasseperspektivet er tydeleg. Det er likevel ikkje sosialrealistiske skildringar av arbeidarklassa vi møter her. Det er fantasien som styrer hos Fløgstad, og ein merkar impulsar frå den latinamerikanske magiske realismen. Rasmus (1974) er den første romanen. Det er ein kollektivroman som gjennom ei mengd av røyster utgjer ei rik framstilling av sjøfolk og industriarbeidarar. Saman peikar den tidlege prosaen framover til den særeigne blandinga av realisme og fantasifull satire som pregar forfattarskapen vidare.
Eit eige romanunivers
Dalen Portland er ei varm skildring av den fiktive industristaden Lovra, og her får vi følgje samfunnsutviklinga gjennom Selmer, Arnold og Rasmus Høysand. Romanen inneheld eit vell av språkleik med ryfylkedialekten og vitnar om ein forfattar som har funne sitt litterære prosjekt. Språkleiken, blandinga av høgt og lågt og kombinasjonen av presisjon og vidsyn er viktige element i Fløgstad sin poetikk. Fyr og flamme kom tre år etter og er ein vegg av skrift. Det er knapt ein pustepause i denne intense romanen, som gjer nytte av mange ulike stilartar og forteljemåtar. Fløgstad skildrar her, som i Dalen Portland, vegen frå jordbrukssamfunn til industrisamfunn, men òg vegen vidare frå industrisamfunn til eit post-industrielt samfunn. Historiene om Hertingen og familien Bruhøl rommar både kapitalismekritikken, ordspela og blødmene som kjenneteiknar Fløgstad sitt romanunivers. Eit talande døme er at Sylfest Bruhøl endar opp i den oppdikta amerikanske byen Autopia.
I Det 7. klima er perspektivet mindre lokalt. Fløgstad viser her overgangen frå «industrikultur til kulturindustri», som han sjølv skriv i Tyrannosaurus text. Romanen har ein postmodernistisk grunntone, med krumspring i alle retningar og eit metanivå med refleksjonar kring språk og litteratur. Samstundes er han ein kritikk av nettopp den postmoderne tilstanden. Fløgstad harselerer over massemedia og informasjonssamfunnet, der arbeid er erstatta av kommunikasjon, produksjon av reproduksjon. Kron og mynt er òg ein mangslungen roman i stort format. Med eit mangfald av røyster og leikande språk viser Fløgstad, her som elles, påverknad frå den burleske romankunsten til François Rabelais. Litteraturforskaren Mikhail Bakhtin sitt omgrep om «karnevalisme» er skildrande for blandinga av høgt og lågt og omsnuinga av sosiale roller som følgjer med. Romanane vitnar om eit marxistisk grunnsyn hos forfattaren, men står likevel langt frå ml-litteraturen frå 1970-åra, som Fløgstad var svært kritisk til.
Med Grand Manila fullfører Fløgstad framstillinga av den industrielle arbeidarklassa si utvikling på 1900-talet. Romanen er særsynt vellukka i måten han viser korleis globale prosessar påverkar lokalsamfunn. Han handlar òg om banda mellom fascistiske rørsler og ei gruppe finlandssvenske litteratar under den finske borgarkrigen og er slik byrjinga på ei ny linje i forfattarskapen. Også Grense Jakobselv (2009) og Nordaustpassasjen (2012) handlar om manglande oppgjer med fascistiske ideologiar. Fløgstad meiner å finne restar av slike ideologiar i samfunnet, også i Noreg i dag. Det ligg eit djupt alvor under den leikande overflata i dette romanuniverset.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: Innslag om Kron og mynt på NRK skole
Sakprosa i mange sjangrar
Fløgstad sine essay står i tradisjonen etter Aasmund Olavsson Vinje (1818–70). Blikket hans er både sosiologisk og språkkritisk. I Loven vest for Pecos og Tyrannosaurus text kommenterer og kritiserer han kulturelle og politiske tendensar, med eit særleg blikk for språket og kunsten si rolle. Sjølv om han har mykje av Vinje sitt nyanserande tvisyn, kan han vere krass og polemisk i tonen og minner slik om Georg Johannesen. Tittelen Antipoder (1996) er på ulikt vis talande for begge inspirasjonskjeldene. Han har òg skrive reiseskildringar, mellom anna frå Kina og Sør-Amerika. Eld og vatn (1999) er ei historisk framstilling om nordmenn som utvandra til Sør-Amerika.
Trass i at Fløgstad har ytra seg skeptisk til totaliserande tendensar i biografiar og historiske framstillingar, har han sjølv prøvd seg fram i sjangrane. Biografien Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill (1988) rettar søkjelyset mot det modernistiske i poesien så vel som i livet til ei av Fløgstad sine tidlege inspirasjonskjelder. Han har elles skrive bedriftshistoria Arbeidets lys (1990), om smelteverket og tungindustrien i Sauda, og Snøhetta – hus som vil meg hysa (2004) om arkitektfirmaet Snøhetta.
I pamfletten Brennbart (2004) tek Fløgstad for seg dei norske språkorganisasjonane si rolle under den andre verdskrigen. Han går i rette med påstandar om tette band mellom målrørsla og nazistane, slik til dømes Hans Fredrik Dahl hevdar i femte band av Norsk idéhistorie. Pamfletten bles liv i ein stor språkpolitisk og kulturhistorisk debatt og var ein viktig grunn til at Fløgstad blei kåra til Årets nynorskbrukar i 2005. I 2012 skreiv han essayet «Eit sant mirakel» i Aftenposten. Refleksjonane om stoda i nynorsklitteraturen viser Fløgstad si evne til å fange vesentlege trekk i samtida. I både sakprosa og dikting er Fløgstad ein god samtidsskildrar, med blikk for korleis samfunnsendringar påverkar individ og grupper. Samstundes maktar han å setje samtida inn i ein større kulturell, historisk og filosofisk samanheng og presentere det på ein måte som berre ein poet kan gjere.
Kjelder
E-post frå Kjartan Fløgstad 30.9.2013
Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie, 2. utgåve. Oslo 2012
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Frode Helland (red.): Agora nr. 4/2005. Temanummer om Kjartan Fløgstad. Oslo 2005
Lars Ove Seljestad: «Om Fyr og flamme», i Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen (red.): Norsk litterær kanon. Oslo 2008
Fløgstad-symposium. Gyldendals julebok 2001. Oslo 2001
Temanummer om Kjartan Fløgstad, vedlegg til Dag og Tid nr. 25/1999
Heidi Christoffersen: «Utopi og/eller dystopi? En analyse av kultursynet i Kjartan Fløgstads Fimbul». Hovudoppgåve i kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark. Bø 2003. Henta frå http://teora.hit.no/dspace/bitstream/2282/437/1/Hovedoppgave.pdf [lesedato 1.7.2013]
Atle Kittang: «Kjartan Fløgstad», Norsk biografisk leksikon. Henta frå http://nbl.snl.no/Kjartan_Fløgstad/utdypning [lesedato 1.7.2013]
Peikarar
Vidare lesing
Andersen, Merete Morken: "Staden i skogen er den evige stad". Vinduet 50, nr. 4 (1996), 2-9 (intervju)
Brox, Johan m.fl., red.: Kjartan Fløgstad, 1999, 23 s. (vedlegg til Dag og tid, nr. 25, 24. juni 1999)
Fløgstad, Kjartan: Kjartan Fløgstads forfattarskap : ein digital katalog, 1999 (CD-ROM)
Fløgstad-symposium, 2001 (Gyldendals julebok 2001. Inneholder bidrag av Einar Økland m.fl.)
Kittang, Atle: "Mellom fiksjonar og realitetar. Kjartan Fløgstad og Dalen Portland". Syn og segn 83 (1977), 514-25
Kjartan Fløgstad : eit forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 1999
NBL 2. utg.
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
Stegane, Idar: "'- dei store linjer slår ned i skildringa av småting òg.' Kjartan Fløgstads prosa". Rønning, Helge, red.: Linjer i nordisk prosa: Norge 1965-1975, 1977, 213-39
Sørbø, Jan Inge: "Det vi diktar opp skal bli sannare enn røynsle : om Kjartan Fløgstads lyrikk". NLÅ 1995 , 163-74
Willis, Herman: Tilværelsens utlendinger : Herman Willis i samtale med Dag Solstad og Kjartan Fløgstad i Berlin, 2010
Østerberg, Dag: "Kjartan Fløgstads forfatterskap". Syn og segn 101 (1995), 56-67

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 22.01.2014
Sist oppdatert: 14.11.2018