Hopp til innhold
Kjell-Børge Freiberg. Foto: Stortinget. Nytta etter avtale med Stortinget.
Kjell-Børge Freiberg. Foto: Stortinget. Nytta etter avtale med Stortinget.
X
Innhald

Kjell-Børge Freiberg

Kjell-Børge Freiberg, næringsmiddelteknikar og politikar frå Framstegspartiet. Olje- og energiministeren frå Vesterålen er tilhengjar av oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, sjølv om regjeringa ikkje opnar for det i denne stortingsperioden.

Kjell-Børge Freiberg er fødd 27. april 1971. Etter fullført grunnskule i 1987 tok han kurs i matfiskeoppdrett. I 1998 tok han fagbrev som fagoperatør i næringsmiddelindustrien. Han arbeidde på oppdrettsanlegg i 1987–92 ved AS Fiskefjorden og AS Arctic Delight, var fiskar og kokk i Senja Havfiskeselskap i 1992 og var frå 1993 til 2002 tilsett i Skretting AS. Sidan 2003 har han arbeidd på heiltid med organisasjons- og politikkarbeid i Framstegspartiet (FrP). Han var partisekretær for Nordland, Troms og Finnmark FrP i 2003–2007.

 

Freiberg kom første gongen inn i kommunestyret i Hadsel i 1995. Han var varaordførar frå 2003 og ordførar i 2007–2015, første gongen vald med støtte frå Framstegspartiet, Høgre, Venstre og ei lokal fellesliste. I 2015 blei han statssekretær i Olje- og energidepartementet for Framstegspartiet. Sidan 2017 har han vore stortingsrepresentant for Nordland. Frå august 2018 er han statsråd i Olje- og energidepartementet.

 

Freiberg har både som ordførar, statssekretær og stortingsrepresentant markert seg som tilhengjar av ytterlegare utbygging av petroleumsverksemd langs norskekysten. Han åtvarar mot å prioritere vern framfor vekst og utvikling. Sommaren 2018 signaliserte Arbeidarpartiet i Nordland og Troms for første gong at dei ønskte å snu og dermed gå imot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det har vore stortingsfleirtal for å byggje ut desse områda heile tida, men Sp og SV under den raudgrøne regjeringa, og KrF og Venstre sine avtalar med Solberg-regjeringa, har hindra utbygging. Dette har vore den mest betente oljeutvinningssaka på 2000-talet.

 

Kjelder

Øystein Ingebrigtsen: «Vil være i Nordland», Helgelendingen 24.8.2017

 

Presentasjon av Kjell-Børge Freiberg på nettsidene til regjeringa, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/andre-dokumenter/oed/2015/statssekretar-kjell-borge-freiberg/id2458958/ [lesedato 30.8.2018]

Først publisert: 31.08.2018
Sist oppdatert: 05.09.2018