Innhald
Knut Fortun
Knut Fortun, informasjonssjef og ungdomslagsmann. Aldri hadde Noregs Ungdomslag fleire medlemer enn i hans tid som dagleg leiar i organisasjonen.
Fortun blei fødd i Luster 11. april 1913 og døydde 26. desember 1997. Med examen artium frå Voss landsgymnas i 1938 tok Fortun til på jusstudiet i Oslo. Det braut han av under den tyske okkupasjonen og arbeidde i staden i den illegale pressa nært knytt til Heimestyrkane, men fullførte studiet i 1948.
I åra 1942–45 dreiv han saman med blant andre Kristoffer Sælid den illegale organisasjonen Sivleringen for å hindre nazifisering av ungdomsarbeidet. I 1945 arbeidde han ei kort tid i den nye avisa Verdens Gang.
Som dagleg leiar i Noregs Ungdomslag 1945–68 var han med og dreiv organisasjonen til dei store høgder i medlemstal og aktivitet, før han arbeidde som informasjonssjef ved Universitetet i Bergen 1968–83. Der utvikla han frå 1976 Laurdagsuniversitetet som eit nytt tilbod og ei ny form for forskingsbasert kunnskapsformidling.
Fortun redigerte Bondens Jul på 1960-talet og redigerte kvar veke i ti år lydavisa Vestavind for Norges Blindeforbund.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 05.07.2013
Sist oppdatert: 05.07.2013