Hopp til innhold
Knut Magne Flølo. Foto: Stortinget.
Knut Magne Flølo. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Knut Magne Flølo

Knut Magne Flølo, elektrikar, gründer, tidlegare ordførar i Vestnes kommune og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal. Han møter fast som representant for landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Knut Magne Flølo er fødd 18. november 1949 i Vestnes i Møre og Romsdal. Han er utdanna elektrikar, og han arbeidde i mange år med mekling for skipsreiarar, som dagleg leiar av firmaet Sanab-Branch Office.

Flølo har vore aktiv FrP-politikar sidan han melde seg inn i partiet i slutten av 1970-åra. Etter nokre år ute av politikken blei han vald til ordførar i Vestnes kommune for perioden 2003–07, ved direkteval. Flølo blei med det den første FrP-ordføraren i fylket. Han har vore vald til kommunestyrerepresentant for FrP i Vestnes i periodane 2003 til 2019 og har òg hatt fleire periodar i fylkestinget i Møre og Romsdal. Eigentleg er han pensjonist, men møtte fast på Stortinget for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal frå 1.10.2017 til 20.3.2018.

På Stortinget var han medlem av finanskomiteen. Politisk er han særleg oppteken av å hjelpe bedrifter med å få større verdiskaping. Han arbeider for å gi næringslivet betre rammevilkår, for få bort formueskatten og for å investere i infrastruktur.

Flølo har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han er medlem i styret for Norsk Tindesenter, medlem av styret for miljøselskapet ÅRIM, nestleiar i Vestnes Energi AS og styreleiar i Sameiet Trappeskolen 1. Han har tidlegare vore styremedlem i Tremek AS og i Vestnes Næringsforum.

Flølo blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Knut Magne Flølo, «Representanter og komiteer», regjeringen.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KMF[lesedato 23.10.2017]

NRK: «– Spennende ordførervalg», nrk.no: https://www.nrk.no/mr/--spennende-ordforervalg-1.322708 [lesedato 23.10.2017]

Romsdals Budstikke: «Han hadde tenkt å gi seg med politikk. Nå debuterer Knut Flølo i Stortinget: – Det kribler i magen», rbnett.alda.no: http://rbnett.alda.no/bestillpluss?1&artRefId=15389593&aviskode=ROM&targetUrl=http%253A%252F%252Fwww.rbnett.no%252F%253Fservice%253DpaywallRedirect%2526articleUrl%253Dhttp%253A%252F%252Fwww.rbnett.no%252Fpluss%252Farticle15389593.ece [lesedato 23.10.2017]

Peikarar

Romsdals Budstikke: «Her er politikernes styreverv», rbnett.no, sist oppdatert 24.9.2012 

Først publisert: 11.01.2018
Sist oppdatert: 20.03.2018