Hopp til innhold
X
Innhald

Kolbein Falkeid

Kolbein Falkeid er ein norsk poet som skriv folkelege, ofte kvardagslege dikt i ein modernistisk tradisjon. Lokale og universelle tema og motiv glid saumlaust saman i Falkeid sin poesi. Han har òg skrive tekstar for viserock-gruppa Vamp.

Kolbein Falkeid er fødd 19. desember 1933 i Haugesund. Han tok examen artium i 1952, gjekk befalsskulen i 1954 og studerte seinare ved Universitetet i Oslo, der han blei cand.philol. i 1962, med hovudfag i nordisk litteratur og tysk og historie i fagkrinsen.

Falkeid reiste til sjøs ein periode som ungdom. I 1963 arbeidde han som lektor ved Haugesund Gymnas (no Skeisvang videregående skole). Frå 1964 til 1967 var han dosent ved Westfälische Wilhelms-Universität i Münster i Tyskland. Falkeid fekk fleire reisestipend og reiste mykje i åra etter at han byrja som forfattar, mellom anna til Italia og til fleire afrikanske land. Sidan 1978 har han hatt fast arbeidsstipend for kunstnarar.

Han debuterte med diktsamlinga Gjennom et glasskår i 1962 og har sidan gitt ut meir enn tjue diktsamlingar. Diktinga hans er munter, men samstundes alvorsam. Forfattarskapen er utvilsamt prega av reisene og røynslene som sjømann, og han har fleire internasjonale, stundom universelle perspektiv. I Reisenotater, frå 1973, er reisene i Afrika eit tydeleg bakteppe, medan Horisontene (1975) er inspirert av reisene i Italia. Likevel er det ei kvardagsleg, lokal forankring i diktinga hans. En annen sol (1988), som Falkeid skreiv etter å ha mist dotter si, Utrøstelig bøddel (1997) og Vind, eple (2003) er mellom høgdepunkta i forfattarskapen. I 2007 kom Samlede dikt. Han har òg skrive teaterstykket Terroristene, som blei oppført på Den Nationale Scene i Bergen i 1980.

Mellom 1979 og 1983 var Falkeid Den norske forfattarforeining sin representant i Norsk Språkråd. Sidan 1993 har han samarbeidd med visegruppa Vamp og har skrive tekstar til fleire av dei mest folkekjære songane deira. I 1998 var han festspeldiktar ved festspela i Bergen. I tillegg til å skrive dikt har Falkeid òg gjendikta poetar som Leopold Senghor, Pablo Neruda, Fernando Pessoa, Nicanor Parra og Octavio Paz. I boka Afrika, mitt Afrika (1974) har han gjendikta ei lang rekkje afrikanske poetar. Sjølv er Falkeid gjendikta til 25 språk.

Falkeid fekk Cappelenprisen i 1985, Doblougprisen i 1993, Prøysenprisen i 1996, Diktartavla i 2007 og blei utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 2010. I 2011 fekk han Brages heiderspris. Ketil Bjørnstad har skrive portrettboka Kolbein Falkeid – et nærbilde (2008).

Kjelder

Telefonsamtale med Kolbein Falkeid 3.3.2015

Forfattarprofil på nettstaden til Cappelen Damm: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Kolbein F... [lesedato 13.1.2015]

Kari Sausjord Rød: «Kolbein Falkeid», Norsk biografisk leksikon: https://nbl.snl.no/Kolbein_Falkeid [lesedato 13.1.2015]

Peikarar

Kristine Kleppo «Universet i Kolbein Falkeids øyne», intervju med Kolbein Falkeid i samband med lanseringa av Øyet og virkeligheten (2014), forlagsliv.no: http://www.forlagsliv.no/markerineon/2014/10/18/un...

Jan H. Landro: «Det gode diktet treffer deg i mage/tarm-systemet», intervju med Kolbein Falkeid, haugesenteret.no: http://www.haugesenteret.no/ohh/no/lyrikk/landro-i...

«Lyriker Kolbein Falkeid», innslag med Kolbein Falkeid på NRK Skole 23.3.1993: http://nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/26...

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 14.02.2017