Faktaboks

Kristin Fridtun
Fødd
9. november 1987, Elverum, Innlandet
Kristin Fridtun.
Av /Samlaget.

Kristin Fridtun er filolog og forfattar frå Elverum som framsnakkar mangfaldet i det norske språket. Som transperson har ho vore ei tydeleg stemme i ordskiftet om å få bruke pronomenet «hen».

Bakgrunn

Kristin Fridtun er fødd i Elverum i Hedmark (no Innlandet). Ho tok mastergraden i norrøn filologi ved NTNU i Trondheim i 2011. Frå 2011 til 2012 arbeidde ho i Stadnamntenesta.

Forfattarskapen og språkarbeidet

Fridtun har skrive artiklar og essays i ulike tidsskrift og antologiar. Sidan 2009 har ho vore fast spaltist i avisa Dag og Tid. I 2012 gav ho ut boka Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om, der ho skriv humoristisk om opphavet (etymologien) til mange av kvardagsorda vi omgir oss med. Boka Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay (2015) er eit bidrag i kjønnsdebatten. Fridtun tek her tak i ordet «kjønn» og utfordrar den automatiserte måten vi snakkar om kjønn på. I boka Homoflokar (2018) tek ho utgangspunkt i si eiga historie som homo og transperson for å finne ut korleis det eigentleg står til med den norske homotoleransen. I 2019 gav ho ut boka Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt. Boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil: Kvifor gjer me det, og har det noko for seg? kom i 2021 som den sjette boka Fridtun gjev ut om språk.

Fridtun har vore aktiv i det offentlege ordskiftet som homofil og transperson. Ho bruker både pronomena «ho» og «hen» om seg sjølv.

Utmerkingar

Fridtun har i løpet av forfattarskapen fått tildelt mellom anna Volumstipendet (2013), Språkgledeprisen (2016) og Bokhandelens sakprosapris (2016). I 2019 gav Språkrådet henne Språkprisen for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg