Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Fykerud

Lars Hansson Fykerud, hardingfelespelar, konsertartist og amerikafarar.
Lars Hansson Fykerud var fødd 5. april 1860 i Sauherad i Telemark og voks opp på husmannsplassen Fykerudkåsa. Han døydde 19. august 1902 i Solum, Telemark. Han lærte å spele fele av faren, Hans G. Fykerud den eldre («Gamle-Hans», 1823–79), men fekk vel så viktige musikalske impulsar frå mora, Torbjørg Fykerud (1828–1920), som var ein framifrå fløytespelar. Om somrane på setra ved Gausta trefte han òg Knut Dahle (1834–1921), som førte han inn i speltradisjonane frå Tinn.
 
Fykerud byrja å opptre på marknader i Telemark som tolvåring, og han blei snart ein ettertrakta spelemann til dans. Den intense spelinga hans i ung alder gjekk ut over skulegangen. Han livnærte seg i periodar som tømmarhoggar, seinare også ei stund som hotellvert saman med kona i Kongsberg. Familien flytte sidan til i Heddal, samstundes som familiefaren var på stadige spelferder.
 
Konsertar og turnear
Inspirert av suksessen til broren Hans byrja Lars Fykerud å turnere i 1880-åra, først i Telemark og sidan i større delar av Sør-Noreg. Med tida blei Lars endå meir vidgjeten enn Hans, noko som ikkje berre kom av den karismatiske sceneframferda hans, men òg spelet og teknikken hans. Særleg bogeføringa til Lars Fykerud er noko kjeldene trekkjer fram som unikt. Som Myllarguten (Torgeir Augundsson) før han tok han til å spele hardingfele med fiolinboge. Han skal vidare ha vore den første som byrja å spele med fela under haka, i staden for mot bringa, og han fekk dermed meir tone ut av bogedraga. I tillegg hadde han ein framifrå fingerteknikk med høgrehanda, som ofte blir sett i samanheng med fløytespelet til mora. I 1888 i Bø vann Fykerud den første kappleiken som blei arrangert.
 
I 1890 drog Fykerud til Amerika for å turnere. Han gjorde stor lukke den første tida og tente store pengar på konsertar i mellom anna New York og Chicago. Men «professor Fykerud», som han no kalla seg, disponerte inntektene dårleg og fekk problem både med sjukdom og med alkohol. Han skal ha blitt rana ved eitt høve og svindla av impresarioen ved eit anna. Fattig og sjuk drog han tilbake til Noreg i 1898, og på ferda over Atlanteren komponerte han den kjende slåtten «Fykeruds farvel til Amerika». Merkbart svekt heldt han fram med konsertverksemd nokre år til, før han døydde av tæring i 1902.
 
Repertoar
Repertoaret til Fykerud er prega av konsertverksemda hans, der han utvida tradisjonelt slåttetilfang i stort mon, dels gjennom å supplere lydarslåttar frå Telemark med såkalla «byspel», det vil seie runddansspel som polka, masurka, vals og reinlendar, dels ved å omforme overlevert stoff. Han hadde jamvel rykte på seg for å stele andre sine slåttar. Kjende slåttar etter Lars Fykerud som anten er omarbeidingar eller samansetjingar av fleire ulike stykke, er «Vårlengt», «Sorg», «Duft», «Fjøllrosa», «Kjempehallingen», «Markensmåndagen» og «Livius Smitts minne» («Fykerudens minne»). Han omarbeidde óg den kjende «Fanitullen» til ein programmatisk lydarslått med langsam innleiing og dramatisk avslutning. I tillegg spela han ofte vokalt stoff (visetonar, bånsullar) på fela si, til dømes «Margit Hjukse». I slåttane hans høyrer ein òg påverknad frå fløytespel.
 
Som det går fram av slåttetitlane, som gjerne har ein nasjonalromantisk karakter, var komposisjonane eller omarbeidingane til Fykerud ofte meint å ha eit programmatisk innhald. Slåttane skulle vere folkelivsbilete eller naturskildringar. Føredømet her var Sjur Helgelands «Budeiene på Vikafjell» – som Fykerud karakteristisk nok omdøypte til «Budeiene på Filefjell» på eigne konsertar. Tonestykka hans hadde gjerne innslag der han imiterte lokk eller raut på fela, trekk som i ettertid har vore omdiskuterte og er blitt karakteriserte som «mindre vellukka» (Magne Myhren) og jamvel «smaklause» (Rikard Berge).
 
Spelet til Fykerud er blitt ført vidare av Borgen-spelemennene i Bø og Løndal-spelemennene i Tuddal, og seinare av Knut og Hauk Buen. Dei to sistnemnde gav i 1992 ut plata Fykerud’n. Slåttar etter Lars Fykerud, 1860–1902.
 
Kjelder
Arne Bjørndal & Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
Halvor Braaten: Lars Fykerud. Skien 1979
Magne Myhren: «Lars Fykerud», Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 3. Oslo 2001 
Torleif Trykkerud: «Meisterspelemannen Lars Hansson Fykerud». Årbok for norsk folkemusikk 2003 (inneheld lange utdrag frå tekstar av Rikard Berge, Knut Buen ofl. om Fykerud)

Først publisert: 21.02.2011
Sist oppdatert: 30.03.2011