Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Roger Furnes

Lars Roger Furnes, produktiv forfattar og biletkunstnar med mange utstillingar i inn- og utland.

Lars Roger Furnes er fødd 4. juli 1948 i Ålesund og er busett i Mandal. I 1970- og 80-åra studerte han ved Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Berlin, École Nationale Supérieure des Beaux-Arts i Paris og Statens Kunstakademi i Oslo. Frå 2000 til 2009 var han litteraturkritikar i Sunnmørsposten. Furnes er oppteken av tilhøvet mellom dikting, musikk og biletkunst, og han har halde kurs i kreativ skriving.

I 1984 debuterte han som forfattar med diktsamlinga Jeg har ikke myrdet engelen min. Dei tre neste bøkene var òg lyrikk, Hvit natthonning – rød sang (1986), Sender i blått regn (1989) og Kalenderen begynner (1994). Saman med Willy Flock og Ragnar Kvam gav han i 1995 ut novelleantologien Fargen blå. Seinare har det kome fleire diktsamlingar og eit par romanar. Romanen Tigerdraumar frå 1996 er skriven på nynorsk. I 1995 gav han ut CD-en Tenkjer på deg, med musikk og dikt til eigne måleri.

Sidan 1974 har Furnes hatt meir enn 50 separatutstillingar i inn- og utland, mellom anna i Berlin, Paris og fødebyen Ålesund. I tillegg kjem mange gruppeutstillingar. Furnes er ein symbolistisk kunstnar. Måleria hans er humoristiske og fabulerande, med tydelege undertonar av melankoli og alvor. Det same karakteriser dei litterære verka hans.

Furnes har fått ei rad utmerkingar. Mellom anna vart han i 1982 tildelt Den franske stats kunstnarstipend. I 1996, 1997, 1998 og 2010 fekk han han Statens reise- og studiestipend. Han fekk Ålesund bys kunstnarpris i 1999 og Vest-Agder fylkes kunstnarstipend i 2008.

Kjelder

E-post frå Lars Roger Furnes 4.6.2019

Nettstaden til Lars Roger Furnes, larsrogerfurnes.com: https://larsrogerfurnes.com/ [lesedato 1.9.2019]

Svein Thorud: «Lars Roger Furnes», fineart.no: https://www.fineart.no/kunstner/lars-roger-furnes [lesedato 1.9.2019]

Peikarar

Leif Gjertviksten: «Lars R. Furnes: Ballade nr 1», yotube.com https://www.youtube.com/watch?v=jVgeZrN4qOQ

Jarle R. Martinsen: «Lars Roger Furnes forsøker å male musikk», fvn.no (krev abonnement) https://www.fvn.no/kultur/i/RxBLwW/Lars-Roger-Furnes-forsoker-a-male-musikk

Digitaliserte bøker av Lars Roger Furnes på Nasjonalbiblioteket, nb.no https://www.nb.no/search?q=%22Furnes,%20Lars%20R.%22

Først publisert: 27.11.2019
Sist oppdatert: 27.11.2019