Hopp til innhold
X
Innhald

Margot Fonteyn

Dame Margot Fonteyn, 1919–91, var britisk dansar. Fonteyn var rekna som ei av dei fremste ballerinaene i verda. Ho hadde store roller ved Sadler’s Wells og Royal Ballet, og ho leidde Royal Academy of Dancing frå 1954.
Fonteyn vart adla i 1956. Ho var med på fleire film- og fjernsynsinnspelingar, og roller ho har hatt er mellom anna Svanedronninga, Giselle, Julie og Tornerose.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014