Hopp til innhold
X
Innhald

Michel Fokine

Michel Fokine (eigentleg Mikhail), 1880–1942, var russisk dansar, koreograf og ballettreformator. Fokine var leiande koreograf for Sergej Djagilev sitt kompani Ballets Russes. Etter eit brot med dette danna han eigen skule og ballettgruppe, American Ballet, i New York. Hustrua Vera Fokina (1886–1958) var også med på dette.
Ballettane hans blir framleis framførte ved alle store ballettscener, og mellom dei finn ein Petrusjka og Sylfidene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014