Hopp til innhold
X
Innhald

Mikkjel Fønhus

Mikkjel Fønhus, naturdiktar frå Valdres som brukte villmarka i heimtraktene som ramme og inspirasjon i dei mange romanane sine. Han hadde heilt unike evner til å forstå åtferda hos dyr og å formidle viktig kunnskap om natur og miljø.

Mikkjel Fønhus var fødd 14. mars 1894 i den vesle grenda Hølera i Sør-Aurdal i Valdres og døydde i nærleiken av heimen i Sør-Aurdal 28. oktober 1973. Etter lokal grendeskule og mellomskuleåra ved Valdres kommunale høyere almenskole i Aurdal gjekk Fønhus på Ragna Nielsens private gymnas i Kristiania frå 1911 til 1913. Etter det reiste han heim til skogane og villmarka i Valdres.

Fønhus debuterte i 1917 med romanen Skoggangsmand, men det var med Der vildmarken suser to år seinare at gjennombrotet kom. Romanen var inspirert av Jack London sine skildringar frå villmarkene i det nordlege Amerika. Slektskapen med den utanlandske villmarkssjangeren er tydeleg også vidare i forfattarskapen, mellom anna i dei to neste bøkene, Det skriker fra Kvervilljuvet (1920) og Troll-Elgen (1921). I 1920 var Fønhus journalist i ein kortare periode. Han var òg julehefteforfattar i mange år. Mest produktiv var han i 1920- og 30-åra, då dei norske julehefta hadde ei stordomstid. Til saman gav Fønhus ut godt over 40 bøker.

I mellomkrigstida kom romanen Troll-Elgen ut i store opplag i Tyskland. Nazistane såg på villmarkslitteratur og det nordiske som sunt og germansk, og i åra 1937 til 1940 kom den tyske utgåva av boka ut i eit samla opplag på meir enn 400 000 eksemplar. Troll-Elgen vart òg gitt ut på engelsk, dansk, svensk, finsk, polsk, latvisk og nederlandsk.

Fønhus freista tidleg å markere seg som natur- og samfunnsdebattant. Naturverntankane og den sterke skepsisen han hadde til teknologiske framsteg, møtte motbør i ei samtid som ville ha utvikling og velferd. Det var først då naturvern som kampsak for alvor voks fram i 1960-åra, at denne delen av forfattarskapen kom til sin rett. Frå då av fekk han ein viktig posisjon som naturvernforkjempar og som svært engasjert motstandar av det moderne industrisamfunnet sin innverknad på naturen.

Frå 1952 hadde Fønhus statens kunstnarløn. I 1963 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Same året fekk han Språklig samlings litteraturpris. Fønhus vart æresmedlem i Naturvernforbundet i 1967, og han fekk Valdres Mållags kulturpris i 1974 (posthumt).

Kjelder

Rolf Brandrud: Drømmejegeren. En biografi om Mikkjel Fønhus. Oslo 1993

Tom Brenne: Mikkjel Fønhus – hans liv og forfatterskap. Oslo 1993

Rolf Brandrud: «Mikkjel Fønhus», Norsk biografisk leksikon (nettressurs), publisert 13.2.2009 på snl.no: https://nbl.snl.no/Mikkjel_F%C3%B8nhus [lesedato 27.9.2017]

Peikarar

Thor Olav Moen: I Mikkjel Fønhus rike, artikkel i Vi menn 4.12.2009 

Mikkjel Fønhus: Der vildmarken suser. Kristiania 1919. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no 

Mikkjel Fønhus: Troll-Elgen. Kristiania 1921. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no  

Bibliografi i Oria

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019