Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Furøy

Odd Furøy, skodespelar, fiskarson som vart lærar, som forlét skulelivet til fordel for teaterkunsten, og som meinte at anonymitet er ein livskvalitet.

Odd Furøy var fødd i Sørreisa i Troms 24. juni 1930 og døydde på Lillehammer 26. februar 1994. Han tok examen artium ved Eids gymnas på Nordfjordeid i 1951 og lærarskuleeksamen på Hamar 1956.
På gymnaset og lærarskulen var han med i teatergrupper, og han avgjorde at det var skodespelar han ville verte. Utan formell teaterutdanning debuterte han 1959 som skodespelar på Studiescenen, eit turnéteater han sjølv var med og skape. I 1960–62 var han tilsett ved Trøndelag Teater, i 1962–64 ved Rogaland Teater og i 1964–94 ved Det Norske Teatret.
Furøy medverka i over 70 framsyningar ved Det Norske Teatret, i roller av norske og utanlandske dramatikarar, både tragediar og komediar. Han spela Ibsen og Shakespeare så vel som samtidsdrama av Pinter, Miller og Vesaas. Komediane han var med i, kunne ha ein mørk undertone, som i Ai, ai for ein artig krig! av Joan Littlewood, eller dei var av det burleske slaget, som Stolane av Ionesco.
Furøy var fleire sesongar med i Spelet om Heilag-Olav på Stiklestad. Frå 1978 medverka han i eit titals filmar. I ein av dei, Søsken på Guds jord, som vart spela inn på Dyrøy i Troms, fekk han snakke sin barndoms sørreisadialekt. Furøy var òg ein flittig gjest i fjernsynsteateret og radioteateret. I 1990, til 50-årsmarkeringa av invasjonen av Noreg, gjorde han rolla som utanriksminister Koht i radiodramatiseringa Slik var 9. april 1940.
I tillegg turnerte Furøy med Riksteatret, siste gongen i Kristin Lavransdatter, som vart spela under OL på Lillehammer i 1994.
Kjelder
Telefonsamtale med Anne Furøy, syster av Odd Furøy, 29.8.2013
Telefonsamtale med Viran Ane Furøy, dotter av Odd Furøy, 4.9.2013
Arkivet, Det Norske Teatret
Bergljot Engeset: Intervju med Odd Furøy i Dag og Tid 23.5.1985
Knut Ove Arntzen ofl. (red.): Kunnskapsforlagets teater- og filmleksikon. Oslo 1991

Først publisert: 09.12.2013
Sist oppdatert: 09.12.2013