Hopp til innhold
Foto: NRK Sogn og Fjordane.
Foto: NRK Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Oddvar Flæte

Oddvar J. Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han har ei tidlegare karriere innanfor industrien i fylket, NSB og ymse typar konsulentverksemd.

Flæte er fødd 31. mars 1944 i Årdal og voks opp der og i Høyanger. Han har utdanning frå Bedriftsøkonomisk Institutt og arbeidde i 1971–74 som leiar i Industriens Konsulentservice i Haugesund, deretter i ulike stillingar i Årdal og Sunndal Verk fram til 1983, mellom anna som leiar for Vik Verk. Seinare arbeidde han ei tid for Norwegian Petroleum Consultants og dreiv sitt eige konsulentfirma, Temaran, før han i 1992–94 var trafikk- og godsdirektør i NSB. I 1994 vart han utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane, men i 2008 tok han permisjon frå embetet for å hospitere ved Vest-Norges Brusselkontor ein kort periode. Fram til han vart pensjonist i 2011 var han fylkesmann.

I 2011 leia han klimatilpassingsutvalet, på oppdrag frå regjeringa, og i 2013 leia han eit utval som skulle gå gjennom kommunelova med sikte på å styrkje det kommunale sjølvstyret.

Ei av hjartesakene til Flæte har vore satsing på informasjonsteknologi. I hans embetstid vart internettprosjektet Noreg.no utvikla som ein portal for offentlege tenester i Noreg, i utgangspunktet med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som driftsansvarleg.

Flæte var medlem av Arbeidarpartiet, og vara til Stortinget 1977–1981

 
Kjelder
Gerdfinn Eithun: «Ein folkeleg embetsmann», Bergens Tidende 31.3.2004
Einar Førde: «Fylkesmannen – ein korreksjon», Bergens Tidende 7.4.2004
Svein Lundevall: Framover, men ... Med fylkeskommunen i 20 år. Leikanger 1999
 
Peikarar

Først publisert: 21.07.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018