Hopp til innhold

Ola Five

Ole («Ola») Olsen Five, skulemann, venstrepolitikar og skyttarlagsorganisator. Han var hovudmannen bak folkevæpningsrørsla i 1880-åra.

Ole Five var fødd var fødd 21. mai 1846 i Stod (Nord-Trøndelag) og døydde 26. april 1930 i Steinkjer. Five var gardbrukar- og lærarson og tok eksamen ved lærarseminaret i Klæbu i 1865 og vart cand.real. i 1876. Han arbeidde som allmugeskule- og folkehøgskulelærar før han i perioden 1876–92 var styrar for amtsskulen i Innherred. Deretter var han lærar ved seminaret i Kristiansand til 1896.
Frå kring 1870 var Five med i Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, men gav til slutt opp å reformere den sentralstyrte organisasjonen. I 1881 skipa han Indtrøndelagens og Namdalens forlkevæbningssamlag, og året etter vart det sett ned eit fellesstyre for folkevæpningssamlaga, med Five som formann. Under dekke av skyttarlagsaktiviteten fungerte dette som ein folkemilits Venstre hadde i bakhand om det skulle kvesse seg til i riksrettskampen. Då dei to skyttarorganisasjonane slo seg saman att til Det frivillige skyttervesen i 1893, vart Five den første formannen, og frå 1896 hadde han levebrødet sitt i skyttarrørsla, til 1908 som formann og deretter som kontorsjef (til 1919).
Five var venstrepolitikar og sat på Stortinget i perioden 1900–03. Han var målmann med tillitsverv både i Det norske Samlaget, Det Norske Teatret og Den 17de Mai, og han personifiserer det sterke sambandet mellom målsaka og skyttarsaka frå 1880-åra til første verdskrigen.
Kjelder
Roald Berg: Norsk forsvarshistorie. Profesjon, union, nasjon. 1814–1905, bd. 2. Bergen 2001
Oddmund L. Hoel: Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011
Per Jorsett: «Ole Five», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001
Haakon Vigander: «Ole Five», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 1929
Hans-Magnus Ystgaard: Ola Five. Best å vera budd! Nasjonalbygging og frigjøring. Steinkjer 1998
Ane-Charlotte Five Aarset: Skyttergeneralen Ola Five. Den ukjente historien om geriljalederen med stort ansvar for Norges frihet i 1905. Høvik 2005

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 26.05.2017