Hopp til innhold
X
Innhald

Olaus Fjørtoft

Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft er ein av dei mest interessante og originale personane i nynorsk kulturhistorie. Han var matematikar, skribent og politisk agitator, og var ytterleggåande både i kristentru, sosialisme og målsak. Berre 14 år gamal gav han ut ei lærebok i praktisk rekning.

Fjørtoft vart fødd 19. januar 1847 på Nogva på Skuløya i Haram kommune på Sunnmøre og døydde 21. mai 1878 i Kristiania. Sjølv om han berre vart 31 år, sette han djupe spor etter seg i samtida si, først og fremst som politisk debattant, men også som eit av dei største matematiske talenta Noreg har hatt.

Fjørtoft starta dei to blada Tiraljøren og Fram, der han tok til orde for ein radikal politikk, tydeleg inspirert av dei nye sosialistiske straumdraga i Europa. Kombinasjonen av ein karismatisk veremåte og strengt logiske argument særmerkte Fjørtoft. For han var ein radikal sosialisme, ein dogmefri kristendom og eit dialektbasert norsk skriftmål alt saman delar av det same humanistiske frigjeringsprosjektet. Denne sterke blandinga av politikk og religion gjorde at Fjørtoft vart marginalisert i dei fleste miljø.

Eit matematisk flogvit

Olaus Fjørtoft viste seg raskt som ein særs skuleflink gut. Den ambisiøse faren hans var lensmann i Haram og ville helst at Olaus skulle utdanne seg til prest. Alt som tenåring gjorde lensmannssonen seg umogleg overfor autoritetane. Han blei utvist frå både borgarskulen i Ålesund og realskulen i Molde på grunn av dei radikale meiningane sine. Det matematiske talentet var det likevel ingen som kunne ta frå han, og som 14-åring gav Fjørtoft ut ei lærebok i praktisk rekning.

For Fjørtoft var matematikk og logisk tenking reiskapar for å styre kvardagslivet til folk flest, og ein måte å organisere samfunnsliv og politikk på. Han var sterkt prega av Christopher Bruun og hans folkehøgskuleideologi. Fjørtoft meinte at ei individuell tilnærming til all kunnskap også ville føre til personleg frigjering for den einskilde. Dette var tankar han praktiserte medan han livnærte seg som privatlærar i matematikk i Kristiania. Ikkje minst var det tankar han tok med seg i sin kritikk av den dogmatiske, pietistiske norske kristentrua.

Strid i Samlaget

Olaus Fjørtoft stod som utgivar av det radikale bladet Tiraljøren i 1871 og av bladet Fram frå 1871 til 1873. Her utvikla han dei politiske ideane sine og trekte til seg eit miljø av radikale norskdomsmenn. Den såkalla Framkrinsen fekk aldri nokon stor innverknad, men i 1871 vart Fjørtoft og ein av kumpanane han valde inn i styret til Det Norske Samlaget. Her kom dei snart i konflikt med formannen Hagbard Berner.

Først og fremst galdt konflikten sjølve målsaka. Fjørtoft var ein ortofonist som ville ha eit mest mogleg lydrett skriftbilete. Han ønskte såleis eit svært talemålsnært nynorsk, medan Berner var av dei som støtta ei standardisering ut frå Aasens eigen skriftnormal. Også politisk verka nok den ytterleggåande Fjørtoft provoserande på taktikaren Berner.

Det gjekk så langt at Hagbard Berner på årsmøtet til Samlaget i 1872 sette si eiga stilling inn på å hindre attval av Olaus Fjørtoft og Hans Jacob Horst til styret. Resultatet vart at dei to Fram-karane vart kasta ut av styret. Fjørtoft gav likevel ikkje opp og heldt fram med å agitere for dei stadig meir radikale meiningane sine i det som vart kalla Samlaget Fram.

Brå og kvass

Året etter at han vart kasta ut av styret i Det Norske Samlaget, vart Olaus Fjørtoft også ekskludert frå Christiania Arbeidersamfund. Opposisjonstrongen og autoritetsforakta hans var etter kvart så sterk at han vart meir og meir isolert både personleg og politisk. Den brå og kvasse veremåten hans, saman med omsynslaus ærlegdom, gjorde han til ein outsider i dei fleste miljøa.

Olaus Fjørtoft vart berre 31 år og døydde sjuk og utarma i 1878. Det må nemnast at han har skrive seg inn heile tre stader i den norske litteraturhistoria: som figuren Fram i Arne Garborgs Bondestudentar (1883), som Student Fredriksen i Gunnar Heibergs skodespel Tante Ulrikke (1883) og som Olav Toft i Kristofer Kristofersens roman Paa Forpost (1892). Ikkje dårleg, berre det, for eit flogvit frå Sunnmøre.

Kjelder

Sindre Hovdenakk: Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid. Oslo 2007

Birger Risnes: ”Olaus Fjørtoft”. Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 08.12.2016