Hopp til innhold

Olav Flaaten

Olav Flaaten, lærar. Han var med i Døleringen, var medredaktør av bladet Svein Urædd, skreiv bygdeviser og var med og skipa Telelaget i Oslo.

Olav Flaaten var fødd i Vinje i Telemark 27. juli 1836 og døydde same staden 22. mai 1911. Han gjekk på Kviteseid seminarium og var nokre veker omgangsskulelærar i Vinje. Men han tykte han hadde ikkje lært nok, gjekk Holt seminar og tok lærareksamen der i 1858. Deretter var han lærar i Dybvåg i Tvedestrand eitt år, reiste så til Kristiania og var lærar i 42 år ved Grønlands skole, til januar 1904.
I 1860-åra var han med i Døleringen, ein liten krins av radikale akademikarar i Kristiania som med Aasmund Olavsson Vinje som midtpunkt samlast kvar veke for å diskutere politikk og kultur og for å utveksle forteljingar om fjellferdene sine.
Flaaten var medskipar av landsmålsbladet Svein Urædd i desember 1868 og var medredaktør ut 1870, då bladet skifta namn til Andvake. Medskiparar og medredaktørar var studentane Oskar Norman Eng, Lars Holst og Steinar Schjøtt. Det var særleg Flaaten og Schjøtt som styrte bladet.
I desember 1882 var Flaaten med og skipa Telelaget i Oslo, som var like mykje eit mållag som eit bygdelag, og han var den første formannen i laget. Han skreiv bygdeviser, mellom anna «Hjuringguten» og «Naar du gjeve Draumen Taumen». Han skreiv òg ein 17. mai-song.
Då Steinar Schjøtt heldt på med Dansk-norsk ordbog, hadde Flaaten ei stund vikar i skuleposten sin  for å hjelpe han med arbeidet. Etternamnet hans blir stundom skrive Floten.
Kjelder
«Bekjendtgjørelse», Norsk Kundgjørelsestidende 16.6.1903
Rikard Berge: Myllarguten. Kristiania 1908
Rikard Berge: Norsk visefugg. Kristiania 1904
Digitalarkivet: Folketeljingane 1865, 1875, 1900
Amund Helland: Topografisk-statistisk beskrivelse over Bratsberg amt. Første del. Kristiania 1900
Olav Hoprekstad: «Lærere i samfunnsliv, diktning og kunst». I Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934
Klokkarbok for Vinje sokn, Vinje, 1814–1843, Digitalarkivet
Ministerialbok for Vinje sokn, Vinje, 1814–1843, Digitalarkivet
Norske songar og kvæde samlade av N.R. Heyerdahl. Kristiania 1885
Norske Viser og Stev. Med en Indledning af Jørgen Moe. Tredje forøkede og forandrede Udgave ved Hans Ross. Christiania 1869
«Olav Flaaten». Den 17de Mai, 10.6.1911
Oslo fylkeslag 1923–1953. Oslo 1953
S. Schjøtt: Dansk-norsk ordbog. Kristiania 1909
«Skolenyt». Skolebladet, s. 279, 1911
Svein Urædd, Kristiania desember 1868–desember 1870
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann. Oslo 2001
Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal. Band III. Oslo 1960
DIS-Norge: Gravminner i Norge, http://www.disnorge.no/gravminner/ [lesedato 11.4.2012]
 
Peikarar

Først publisert: 11.04.2012
Sist oppdatert: 14.05.2012