Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnhild Foss

Ragnhild Antonia Maria Foss, omsetjar og trygdefullmektig. Foss gjorde eit pionerarbeid med å setje om kyrkjeleg norsk mellomalderdikting frå latin til nynorsk.

Ragnhild Foss var fødd 1883 i Sokndal i Rogaland og døydde i 1952. Ho arbeidde ei stund som lærar på Hadeland, før ho tok til å arbeide i trygdelaget Storebrand i Oslo. Der arbeidde ho mesteparten av livet, frå 1916 til 1943, dei siste åra som fullmektig.

Foss konverterte til katolisismen i 1929 og vart oppteken i Den katolske kyrkja same året. Etter kvart fekk ho ei brennande interesse for den kyrkjelege norske mellomalderdiktinga.

Denne interessa bar frukt i to omsetjingsverk: Latinske hymnor og sekvensar frå 1938 og Sekvensane i Missale Nidrosiense frå 1946. Begge kom ut på Det Norske Samlaget. Missale Nidrosiense var messeboka til Nidaros erkebispedøme og den første norske boka som vart prenta (i København i 1519).

Tre av salmane Foss sette om, står i Norsk Salmebok, medan den katolske salmeboka Lov Herren har med så mange som 26.

Foss reiste mykje i Europa og Palestina og skreiv ymist i målbladet Noreg, i kvinnebladet Urd og i det katolske tidsskriftet St. Olav.

Kjelder

Svein Ellingsen, foredrag 28.4.2007 om nynorske salmediktarar

Einar Breidsvoll: «Ragnhild Foss», Norsk Allkunnebok, bd. 4. Oslo 1952

Stein Norem Wisteds Ættesoge for Sokndal, wisted.no, sist oppdatert 24.4.2012: http://www.wisted.net/ [lesedato 19.7.2010]

 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 14.11.2018