Hopp til innhold
Foto: Øyvind Arvola, furebotten.com
Foto: Øyvind Arvola, furebotten.com
X
Innhald

Ragnhild Furebotten

Ragnhild Furebotten, felespelar og komponist. Ho blandar eigne komposisjonar med tradisjonelt materiale frå Nord-Noreg i musikkprosjekta sine.

Ragnhild Furebotten er fødd 10. mars 1979 i Saltdal i Nordland og bur no i Målselv i Troms. Då ho var 16 år gamal, starta ho på den formelle musikalske utdanninga si ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø (1995–98). Seinare har ho gått på Høgskolen i Telemark (1998–2000) og Noregs musikkhøgskole (2000–04).
For å bryte med dei tradisjonelle premissane i den klassiske musikktradisjonen ville Furebotten finne sine eigne vegar som felespelar. Ho har vore med på fleire prosjekt, både som soloartist og saman med andre. I 2000 var Furebotten med og etablerte folkemusikkgruppa Majorstuen saman med fem andre unge folkemusikarar frå ulike delar av landet. I 2003 fekk dei Spelemannsprisen for debutalbumet Majorstuen. I 2007 var dei den første norske folkemusikkgruppa som fekk vere med på verdsmusikkmessa WOMEX. Furebotten slutta i gruppa i 2007.
Saman med nordnorske folkemusikarar etablerte Furebotten gruppa Hekla Stålstrenga i 2005. Same året var ho òg ein av initiativtakarane til folkemusikkgruppa Fotefar.
Endelig vals (2007) var Ragnhild Furebotten sitt første soloprosjekt. For soloprosjektet Never on a Sunday (2011) fekk ho Spelemannsprisen i klassen folkemusikk/tradisjonsmusikk. Samspelet mellom felespelar Furebotten og seks av dei beste jazzblåsarane i landet har sett nordnorske slåttar og folkemusikktradisjonar inn i ein uvanleg kontekst.
Kjelder
Ragnhild Furebotten, offisiell heimeside, furebotten.com: http://www.furebotten.com/ [lesedato 8.3.2012]
Ragnhild Furebotten, utøvarkatalog, folkemusikk.no: http://www.folkemusikk.no/furebotten-ragnhild.4646336-146036.html [lesedato 8.3.2012]
Ida Habbestad: «Enkel utfordring», ballade.no: http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012070611190487494621 [lesedato 7.7.2012]

Først publisert: 22.01.2013
Sist oppdatert: 13.02.2017