Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Ranveig Frøiland

Ranveig Hjørdis Frøiland, fullmektig, tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland og statsråd, no styreleiar i Helse Bergen.

Ranveig H. Frøiland er fødd 15. september 1945 i Sund, Hordaland. Ho tok realskuleeksamen i 1962, kurs i maskinskriving, stenografi og kommunal forvaltning i 1963–75 og deleksamen til examen artium i 1975–80.
Frøiland var kontorassistent ved Fjell formannskapskontor og skulekontor i 1963–71 og arbeidde som fullmektig ved Pedagogisk-psykologisk teneste i Fjell (1974–85) og som kontorsekretær ved Norsk Kommuneforbund Hordaland (1978–85), i halve stillingar.
Frøiland var sekretær i Fjell AUF i 1964–66, i Fjell Arbeidarparti i 1970–73 og studieleiar i 1970–73. Ho var leiar i Aps kvinneutval i Hordaland i 1986–92 og medlem i Aps kvinneutval i 1989–92. Ho var leiar for Hordaland Arbeidarparti i 1992–96 og 1999–2003 og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1994–2003. Ho har vore medlem av Fjell kommunestyre i perioden 1976–88, av Fjell formannskap i 1979–83 og 1985–87 og var varaordførar i 1983–85. Ho representerte Arbeidarpartiet i Hordaland på Stortinget i 20 år, i periodane 1985–89, 1989–93, 1993–97, 1997–2001 og 2001–05. I desember 1996 blei Frøiland nærings- og energiminister (energisaker) i Thorbjørn Jaglands regjering og frå nyttårsskiftet olje- og energiminister, ei stilling ho hadde til regjeringa gjekk av etter stortingsvalet hausten 1997. Etter tida som stortingsrepresentant har ho vore styreleiar i Helse Bergen.
Som politikar har Frøiland hatt eit vidt interessefelt. På Stortinget sat ho i fiskerikomiteen, kyrkje- og undervisningskomiteen, energi- og industrikomiteen og utanrikskomiteen. Dei siste åra på Stortinget var ho medlem av finanskomiteen. Ho har vore ein profilert nynorskbrukar.
Frøiland var medlem i styret for Strilen frilynte ungdomslag i 1962–73, leiar for studieverksemda i Norsk Kommuneforbund, Hordaland i 1978–83, NKFs landsråd for studievirksomhet i 1983–85 og likestillingsutvalet i 1983–85.
Kjelder
Olav Kobbeltveit: «Ranveig frå Fjell fyller 60», Bergens Tidende 15.9.2005
Stortinget i navn og tall 2001–2005. Oslo 2002
Knut Olav Åmås (red.): Hvem er hvem? Oslo 1994
Frøiland, Ranveig, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=RF [lesedato 29.09.2012]

Først publisert: 07.05.2013
Sist oppdatert: 07.05.2013