Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Fredheim

Rolf Magne Fredheim, industriarbeidar og forfattar som tok pulsen på tida som profilert arbeidarlyrikar i 1970-åra.

Rolf Magne Fredheim er fødd i Florø 16. november 1939. Han segla i fleire år til sjøs og har arbeidd som industriarbeidar. Først utdanna han seg til låssmed, seinare til lærar og så til lektor med historie hovudfag frå 1989. Emnet for hovudfagsoppgåva var emigrasjonen frå Horten og omland i tidsrommet 1867–1914.
Etter fleire år som verftsarbeidar i Horten, der han har budd sidan 1975, visste han kva han skreiv om då han debuterte og markerte seg som arbeidarlyrikar på Gyldendal med diktsamlingane Mi røynd (1977), Liding og kamp (1978) og Enkel varme (1979). Seinare har han skrive romanar for ungdom og vaksne, to saman med Willy Flock.
Fredheim hentar motiva sine frå kvardagen i familien, bygda, industrien og sjømannslivet og tek parti med fattige, undertrykte og vanskelegstilte. Skrivemåten er prega av ei søking etter det presise uttrykket.
Kjelder 
Kåre Glette: Vestfolds litteraturhistorie 1000–2000. Sakprosa og skjønnlitteratur. Oslo 2009

Først publisert: 13.04.2010
Sist oppdatert: 11.04.2018