Hopp til innhold
 Ronald Fangen, 1932. Foto: Anders Beer Wilse. Kjelde: Galleri Nor Tilvekstnummer: NF.WA 03224 Internnr: NBR9407:02272. CC BY.
Ronald Fangen, 1932. Foto: Anders Beer Wilse. Kjelde: Galleri Nor Tilvekstnummer: NF.WA 03224 Internnr: NBR9407:02272. CC BY.
X
Innhald

Ronald Fangen

Ronald Fangen, 1895–1946, var forfattar og litteraturkritikar. Han skreiv romanar som De svake i 1915, Nogen unge mennesker i 1929, Duel i 1932, Mannen som elsket rettferdigheten i 1934, På bar bunn i 1936, Kvernen som maler langsomt, 1–2 i 1939–46 og En lysets engel i 1945. Fangen skreiv òg skodespel og essay. Kring 1935 vart han den fremste talsmannen for Oxfordrørsla i Noreg.
 
Fangen var formann i Den norske Forfatterforening i åra 1928–33.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013