Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Freud

Sigmund Freud, 1856–1939, austerriksk lege som skapte grunnlaget for psykoanalysen, som både er ein behandlingsmetode og ein psykologisk teori om opphavet til nevrosar og utvikling av personlegdomen. Psykoanalysen hevdar at mennesket blir styrt av ubevisste tankar og impulsar, og dei nevrotiske symptoma er uttrykk for indre konfliktar som skaper angst. Psykoanalysen framhevar barndomen og dei ubevisste drivkreftene i menneskesinnet, og han skildrar korleis vi prøver å forsvare oss mot angst og konfliktar. Mykje av psykoanalysen byggjer på spekulasjon og overgeneralisering.
Den frie assosieringa er kjernepunktet i den psykoanalytiske metoden, som kan føre til overidealisering av terapeuten (positiv overføring) eller aggressive kjensler mot terapeuten (negativ overføring). Psykoanalysen hadde si stordomstid i USA dei første tiåra etter siste verdskrigen, men har i dag tapt terreng til meir biologiske teoriar. Norsk psykiatri prøver å integrere både biologiske, psykoanalytiske og sosiale faktorar i si tilnærming til sinnslidande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2012
Sist oppdatert: 22.03.2012