Faktaboks

Signy Fardal
Fødd
29. august 1961, Sogndal, Vestland
Signy Fardal.
Signy Fardal.
Av /SCANPIX.

Signy Fardal er ein norsk journalist, redaktør og kommunikasjonssjef. Ho er frå 2021 kommunikasjonssjef i Bellona. Fardal var ein markant redaktør for den norske utgåva av motemagasinet Elle frå 1998 til 2019.

Fardal studerte ved Universitetet i Oslo i 1981–1985, der ho tok ex.phil., grunnfag i sosiologi og grunnfag i massekommunikasjon.

Fardal er aktiv feminist og var mellom anna medlem av Kvinnefronten i studietida.

Journalistikken

Fardal var redaksjonssjef i universitetsavisa Universitas i 1981–1982, redaktør i Ungsosialisten i 1981–1983 og nyhenderedaktør i RadiOrakel i 1982–1984. Ho arbeidde som journalist i Dagbladet i 1983–1986.

Frå 1986 til 1997 var Fardal journalist og deretter redaksjonssjef i avisa Dagens Næringsliv. Så arbeidde ho eit år som kommunikasjonsrådgivar i Geelmuyden Kiese, før ho blei sjefredaktør då motemagasinet Elle blei starta i 1998. I 2019 starta Fardal firmaet FrontRow Consulting saman med Line Uppard, og arbeidde som partnar og rådgivar.

Saman med Vendela Kirsebom og Petra Middelthon gav ho i 2008 ut fem bøker om mote, mellom anna Motens abc, Partyfikseren og Fashion bible. I 2020 gav Fardal saman med Line Uppard ut boka Helt sjef: om kvinner og ledelse og veien til toppen.

Utmerkingar

Fardal fekk Nynorsk redaktørpris i 2010 for å gjere nynorsk til eit mediespråk på mote- og interiørområdet i magasina Elle og Elle interiør.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg