Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Fjær

Sigurd Fjær, teolog og prest. Han var domprost i Nidaros frå 1946 til 1959, kjend for eit ope kristensyn og eit sterkt kulturengasjement.

Sigurd Fjær var fødd 11. april 1893 på Kolvereid i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag og døydde i Trondheim 18. mars 1959. Han studerte teologi ved Universitetet i Oslo og tok teologisk embetseksamen i 1920.
Fjær var stiftskapellan i Hamar bispedøme, sidan sokneprest i Tingvoll i 12 år frå 1925. Han vart residerande kapellan i Nidaros domkyrkje i 1937, og var domprost og sokneprest same staden frå 1946 til han døydde.
Som stiftskapellan hadde han tenestefri for å studere religionspsykologi ved Harvard University, USA. Han las mykje og hadde truleg ei av dei største private boksamlingane i landet, med fleire tusen band, mest religionsfilosofi og religionspsykologi. Boksamlinga finst no i Gunneriusbiblioteket i Trondheim. Sigurd Fjær var ein kunnskapsrik teolog med vidfemnande faglege interesser. Ved sida av prestegjerninga førelas han i religion ved Norges Lærerhøgskole i Trondheim.
Fjær var sterkt oppteken av å fremje det kristne kulturlivet. Dei siste åra arbeidde han med planar for ein «St. Olav-stiftelse» i Trondheim. Tufta på Olavstradisjonen skulle dette vere eit organ for nærmare kontakt mellom kyrkja og kulturen. I 1958 vart St. Olav-stiftelsen skipa, med Fjær som formann.
Som student var han med i Bibelnemndi til Studentmållaget, som gav ut den første fullstendige Bibelen på nynorsk. Han skreiv artiklar i fleire tidsskrift, mellom anna i Syn og Segn om religionspsykologiske emne. Sigurd Fjær vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1958.
Kjelder
Reidar Bolling (red.): Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
Hallgeir Elstad: I dialog. Norske kyrkjeakademi 1956–2006. KIFO-perspektiv, Trondheim–Oslo 2006
Arne Fjellbu: En biskop ser tilbake. Oslo 1960
Arnold Fjær: Minnealbum. Sigurd Fjær, 11. april 1893 – 18. mars 1959. Jar 1979
Johan B. Rian: «Domprost Sigurd Fjær», i Bjarne O. Weider (red.): Årbok for Den norske kirke. Oslo 1960

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 30.01.2012