Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Stefan Frich

Stefan Frederik Frich var skulemann, avismann og forfattar, som omsette den første barneboka til landsmål – og den andre islandske ættesoga.

Frich var presteson og av gammal embetsmannsslekt, fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord på Sunnmøre, oppvaksen i Stjørdal og hadde arbeidslivet sitt på Fåberg og i Lillehammer. Han døydde 14. mars 1927.
 
Frich tok artium i 1862. Han studerte filologi i Kristiania og kom inn i krinsen kring Olaus Fjørtoft. Frich meinte som han at landsmålet måtte bli meir talemålsnært. Etter påverknad frå Christopher Bruun reiste han til Danmark for å setje seg inn i skulesynet til Grundtvig. I 1874 starta han ein privat friskule for born på Fåberg, og denne skulen dreiv han til 1903. Syster hans, Mina, tok etter ei tid over småskuleklassene, seinare hadde Dorte Smerud dette arbeidet.
 
Frich var målmann, og kjempa for å få austlandske dialekttrekk inn i landsmålet. Han var med i Austmannalaget frå starten, sat i styret i 15 år og var formann 1903–06 og 1910–12. Han skreiv for Den 17de Mai, var redaktør for målbladet Bonden på Lillehammer 1911–21 og gav ut debattskrift om målsaka, Maalspørsmaalet og det nye Norge (1906) og Eitt einaste riksmaal i landet (1926). I den vesle boka Fraa arbeidslive mitt har han samla eigne artiklar om målsak og om folk han har møtt, dessutan nokre dikt og forteljingar. Frich omsette Laksdøla for Samlaget i 1899 og Soga um Bjørn Hitdølakappe i 1926. Dessutan skreiv han bøker for born, blant andre Smaafolk (1908). Den første kjende barneboka på landsmål, Klas Omnstav og mange andre morosame stykkje for born av Zakarias Topelius (1884), er omsett av Frich.
 
Kjelder
Øystein Gaukstad: «Ein vegbrøytar for norskdomen i Fåberg», Årbok for Gudbrandsdalen 1948
Severin Eskeland: «Stefan Frich», Norsk allkunnebok, bd. 4. Oslo 1952

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 26.05.2017