Tore André Flo, fotballspelar som vert omtalt som ein av dei beste angrepsspelarane i norsk fotballhistorie.
Tore André Flo er fødd 15. juni 1973 i Stryn i Sogn og Fjordane. Han kjem frå ein aktiv fotballfamilie. Han er busett i London.
Tore André Flo for Sogndal. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball (med løyve)
Etter å ha spela fotball for heimeklubben Stryn i ungdomsåra gjekk Flo til Sogndal i 1993. Åra i Sogndal (1993–94), Tromsø (1995) og Brann (1995–96) gjorde han attraktiv for dei store fotballklubbane i Europa. Som klubbspelar var nok perioden i Chelsea (1996–2000) den mest suksessfulle for Flo. I London-klubben var han med på å vinne den europeiske cupvinnarcupen i 1998 og den engelske FA-cupen i 2000.
Prestasjonane i Chelsea gav Flo ein høg marknadsverdi. I 2000 vart han seld til skotske Glasgow Rangers for heile 161 millionar kroner. Han spela her til 2002, og høgdepunktet var det skotske ligacupgullet i 2002. Flo spela også for Sunderland (2002–03), italienske AC Siena (2003–05), Vålerenga (2006) og Leeds United (2007–08), før tanken var å avslutte karrieren i londonklubben MK Dons (2008–09).
I 2011–12 spela han igjen for Sogndal, og sidan 2013 har han jobba i den engelske fotballklubben Chelsea.
Flo skåra 23 mål i løpet av 76 A-landskampar for Noreg (1995–2004). Han har også 28 U21-kampar, og her skåra han 15 mål. Angrepsspelaren fekk med seg VM for Noreg i 1998 og EM i 2000. Han skåra mange viktige mål for landslaget, mellom anna mot Brasil i VM i Frankrike i 1998.
Flo har brukt fotballkarrieren til å snakke om dialektbruk og nynorsk i høve til identitet. Han har mellom anna stilt opp for Norsk Målungdom sin kampanje «Hald på nynorsken» (2004).
Kjelder
Peikarar
Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 23.06.2020