Hopp til innhold
Torgeir Knag Fylkesnes. Foto: Stortinget.
Torgeir Knag Fylkesnes. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Torgeir Knag Fylkesnes

Torgeir Knag Fylkesnes, filosof, kommunikasjonsrådgivar og stortingsrepresentant for SV, som har profilert seg som talsmann for eit kystoppgjer i Nord-Noreg.

Torgeir Knag Fylkesnes er fødd 4. juni 1975 i Tromsø. Etter å ha fullført Kongsbakken videregående skole (1994) utdanna han seg som cand.philol. i filosofi ved Universitetet i Tromsø i 2002, med ei hovudfagsoppgåve om kreativitet. Fylkesnes dreiv i perioden 1999–2013 teknologi- og reklameselskapet Arc Giraff. Han har vore rådgivar i SV (2002–07), kommunikasjonsrådgivar i Sjukepleiarforbundet (2007–10) og kommunikasjonsrådgivar i Teknologirådet (2010–13).

Fylkesnes var leiar av Sosialistisk Studentlag Tromsø i 1997–2001 og var medlem av kommunestyret i Tromsø i 1999–2002. Sidan då har han hatt fleire verv i SV, mellom anna som fylkesleiar i Troms i 2011–12 og som sentralstyremedlem i 2012–15. Fylkesnes har vore fast representant på Stortinget sidan 2013. Han har vore medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (2013–15) og næringskomiteen frå 2015. Sidan 2017 har han vore første nestleiar i næringskomiteen og medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen. 

Torgeir Knag Fylkesnes har vore ein viktig talsperson for eit kystopprør i Nord-Noreg mot sentralisering, både når det gjeld fiskeripolitikk og offentlege tenester. Både fiskeribransjen og fleire medium i Nord-Noreg peika på han som mogleg fiskeri- og kystminister før valet i 2017, men valresultatet synte borgarleg fleirtal, sjølv om SV gjekk monaleg fram, særleg i Nord-Noreg.

Fylkesnes er oppteken av at det skal vere ei sterk venstreside i norsk politikk og tok i juni 2018 initiativ til ein debatt om Raudt, SV og venstresida i Ap bør danne eit nytt politisk parti.

Fylkesnes blir referert på nynorsk på Stortinget.

Kjelder

Martin Lægland: «SV-topp støtter forslag om nytt storpartivenstresiden», iTromsø, 29.6.2017

Torgeir Knag Fylkesnes, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TKF [lesedato 21.8.2018]

Først publisert: 21.01.2019
Sist oppdatert: 21.01.2019