Hopp til innhold
X
Innhald

Trygve Fosstveit

Trygve Fosstveit, kringkastingsmann og folkeopplysningsmann. Han arbeidde i over 30 år i undervisningsradioen i NRK og var drivkrafta bak radiokurs i nordsamisk.

Fosstveit var fødd 22. april 1919 i Drangedal og døydde i Sauherad 23. november 2004. Han gjekk på Vestmar folkehøgskule 1937–38, tok examen artium ved Hornnes landsgymnas i 1944 og lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1949. I tida 1944–47 var han lærar ved Drangedal private realskule. Etter lærareksamen arbeidde han ved Bekkelaget skole før han byrja i NRK i 1953.
I 33 år var han i skulekringkastinga, 23 år som leiar. I tillegg laga han diktarportrett, folkemusikksendingar og andre kulturprogram. Han var oppteken av situasjonen for samisk og kvensk og fekk i 1983, i samarbeid med svensk og finsk radio, sett i gang kurs i nordsamisk. Undervisninga var kombinert med brevkurs.
Saman med Knut Gjerden gav han ut boka Folk og fjell – daglegliv på fjellviddene i Hardanger, Telemark og Setesdal (1989). Han skreiv ei rad artiklar om lokalhistorie og kulturhistorie, mellom anna i Jol i Telemark. Fosstveit sat i mange år i styret for Dag og Tid og var aktiv i målrørsla og folkehøgskulerørsla.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noreg Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Kirsti Asskildt: «Populær leder sier farvel», Aftenposten 21.10.1986
Karl Bakke (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1952
Trygve Fosstveit: «Skoleradio – Skolefjernsyn», i Skolens årbok 1979. Oslo 1979
Jon Grepstad: «Skulekringkastinga – språkundervisning med spenning og engasjement», i Språk og språkundervisning, 1–2, 1976
Sigmund Groven: «Trygve Fosstveit». Minneord, Aftenposten 20.12.2004
Inga Guttorm ofl.: Davvin 1. Nordsamisk for begynnere. Folkets Brevskole og Norsk Korrespondanseskole 1983
Eilert Kvernes: «Trygve Fosstveit til minne», Varden 11.12.2004
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Først publisert: 21.09.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013