Hopp til innhold
X
Innhald

Ulrikke Falch

Ulrikke Falch er forfattar, påverkar og skodespelar. Ho tek aktivt del i det offentlege ordskiftet, særleg med unge jenter i målgruppa. Mest kjend er Falch for rolla ho spela i nettdramaserien SKAM.

Ulrikke Falch er fødd 17. juli 1996 i Oslo.

I den NRK-produserte nettdramaserien SKAM (2015–17) spela Falch rolla som Vilde Lien i alle dei fire sesongane. Serien handla om livet til ein gjeng elevar ved ein vidaregåande skule i Oslo. Sjølv om serien var laga for norske ungdomar, fekk han internasjonal merksemd og sjåarar i alle aldrar.

Med eit stort publikum i sosiale medium nyttar Falch stemma si til å fremje kroppspositivisme og feminisme, og ho vil spreie kunnskap om psykisk helse. Ho er kritisk til korleis kvinner med stor påverknadskraft framstiller kroppen, og kva konsekvensar det kan få for eit ungt publikum. Om dette temaet har ho òg skrive kronikkar i aviser og har vore med i debattprogram på fjernsyn.

Falch debuterte som forfattar saman med Sofie Frøysaa med Jenteloven. Feministisk førstehjelp i 2018. Boka er ei samling historier, erfaringar og råd til unge jenter. Forfattarane deler sine eigne opplevingar frå tenåra, der tema som depresjon, eteforstyrringar, trakassering og sjølvmordsforsøk vert tekne opp. Målet deira med boka er å gi unge jenter dei verktøya dei treng for å takle vanskelege situasjonar og stå opp mot urettferd.

Vinteren 2018 var Falch nominert til prisen som årets påverkar under Vixen Blog Awards. Prisen vart ikkje delt ut, sidan Falch trekte seg frå utdelinga. Falch grunngir valet sitt med at ho meiner at fleire av dei nominerte under prisutdelinga fremjar eit usunt kroppssyn, og ho skapte med det debatt rundt påverkarane si rolle i samfunnet.

 

Kjelder

Ulrikke Falch, forfattaromtale, gyldendal.no: https://www.gyldendal.no/Forfattere/Falch-Ulrikke [lesedato 11.10.2018]

Ulrikke Falch: «Svar til jente (16): Kroppspositivisme ekskluderer ingen», Si ;D-innlegg på aftenposten.no, publisert 14.3.2018: https://www.aftenposten.no/meninger/sid/i/6n8J2z/Svar-til-jente-16-Kroppspositivisme-ekskluderer-ingen--Ulrikke-Falch [lesedato 31.10.2018]

Ulrikke Falch: «Bloggpris, nei takk!», kronikk på nrk.no, publisert 30.1.2018: https://www.nrk.no/ytring/bloggpris_-nei-takk_-1.13891836 [lesedato 29.10.2018]

NTB: «Ulrikke Falch trakk seg – ville vunnet Vixen-pris», avisartikkel på aftenposten.no, publisert 5.2.2018: https://www.aftenposten.no/norge/i/7lddVV/Ulrikke-Falch-trakk-seg--ville-vunnet-Vixen-pris [lesedato 29.10.2018]

Presentasjon av Jenteloven. Feministisk førstehjelp, gyldendal.no: https://www.gyldendal.no/Barneboeker/Boeker-for-ungdom/Jenteloven [lesedato 11.10.2018]

Peikarar

Ulrikke Falchs Instagram-konto

Først publisert: 18.03.2019
Sist oppdatert: 18.03.2019