Hopp til innhold
X
Innhald

Unni Fortun

Unni Fortun, avdelingsdirektør og ungdomslagskvinne. I 1983 blei ho som den første kvinna vald til leiar i Noregs Ungdomslag.

Fortun blei fødd i Oslo 18. mars 1954. Ho blei cand.mag. i folkelivsgransking ved Universitetet i Oslo i 1978 og arbeidde i Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar 1985–93. Frå og med 1994 har ho arbeidd i Norsk kulturråd, som avdelingsdirektør frå 2000.
 
Ho kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet og har ikkje minst halde mange lagsleiarkurs og folkedanskurs. Fortun var den første kvinna som blei vald til leiar i Noregs Ungdomslag; ho var leiar 1983–86.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
 

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013