Hopp til innhold

William Faulkner

William Faulkner [fåkne], 1897–1962, var amerikansk forfattar. Faulkner var ein av hovudrepresentantane for modernismen og ein av dei fremste amerikanske romanforfattarane på 1900-talet.

Alle dei mest kjende romanane hans går føre seg i Yoknapatawpha County, ein fiktiv versjon av Nord-Mississippi, som The Sound and the Fury (1929), As I Lay Dying (1930), Light in August (1932), Absalom, Absalom! (1936). Faulkner skreiv også noveller og forteljingar, og fleire av dei beste er samla i The Portable Faulkner (1946). I Noreg vart han introdusert av Sigurd Hoel med Mørk august (1934).

Faulkner fekk Nobelprisen i litteratur i 1949.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.02.2017
Sist oppdatert: 21.02.2017