Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Loftesnes

Finn Loftesnes. © Selja Forlag.

Finn Loftesnes. © Selja Forlag.

Finn Loftesnes, fødd 1947 i Sogndal, lærar, fotograf og forfattar. Lærar i friluftsliv og naturfotografering ved Sogndal Folkehøgskule.

Loftesnes har levert naturfoto til ei rekkje praktbøker, og han har hatt eigne utstillingar av naturfoto.

Saman med Tom Dybwad gav han ut ei praktbok om Nærøyfjorden - ”Verdsarv Nærøyfjorden” (Selja Forlag 2006).

Loftesnes har vore hovudfotograf i fleire Opptur-bøker (Selja Forlag), og var både forfattar og fotograf av boka ”Opptur Jotunheimen” (Selja Forlag 2009). I 2011 kom ”Opptur Nærøyfjorden” som han har skrive og teke foto til saman med Tom Dybwad.

I 2012 gav han ut praktboka "Opplev Sognefjorden" (Skald Forlag) saman med Ingrid Loftesnes.

I 2014 gav Selja Forlag ut ei ny turbok – «Opptur kysten Bergen-Stad» med foto av Loftesnes og tekst av Knut Magne Nesse.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2014