Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Skyttarlag

Kråkenesmarka der skyteanlegget til Førde Skyttarlag ligg til venstre i biletet. Her er det og gocartbane, og i nedre biletkant ser vi traséen til Sunnfjord Skisenter i Blomlia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Skyttarlag vart starta i 1863.

Den mest framståande skyttaren frå Førde var den utflytta angedølen Stanley Kvamme (sjå denne under Kjende personar i Førde fødde år 1920-1940) som vart skyttarkonge både i 1953 og 1957 då han representerte Bergen N.

I mange år låg skytebana til Førde Skyttarlag på Vie, men i 1988 kunne laget ta i bruk ny skytebane og stort klubbhus i Kråkenesmarka, der også Førde pistolklubb og Førde jakt- og fiskelag seinare bygde skyteanlegg like ved.

I Kråkenesmarka har det vore skipa til landsskyttarstemne i 1988, 1997 og 2008.

Publikum kosar seg i godveret under Landsskyttarstemna i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Publikum kosar seg i godveret under Landsskyttarstemna i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 01.12.2010