Fredrik Ludvig Konow

Fredrik Ludvig Konow (1864-1954) frå Bergen. Skipsreiar, kjøpmann og politikar for Frisinnede Venstre.
Ein av dei viktigaste støttespelarane til Sigurd Kloumann då A/S Høyangsfaldene, Norsk Aluminiums Co. vart skipa i 1915 og bygde ut kraftverk og fabrikk i Høyanger.
Konow hadde eit vidt kontaktnett i finansmiljøa i Bergen og Oslo. Som politikar var Konow m.a. finansminister 1912-1913 og 1924-1926.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.08.2010