Hopp til innhold
X
Innhald

Frode Aga

Frode Aga. Foto: Skrivargarden AS.

Frode Aga. Foto: Skrivargarden AS.

Frode Aga, fødd 1977 på Årdalstangen, oppvaksen i Øvre Årdal, busett i Oslo. Journalist, forfattar og musikar. Har vore journalist i Sogn Dagblad, Årdal & Lærdal avis, Firda og Sogn Avis, og har vore frilansjournalist i Oslo, for så å bli tekstforfattar i reklamebyrået PR-operatørene.

Aga gav ut boka "52 opplevingar i Sogn" saman med fotograf Olav Øygard (Skald 2008).

Som musikar har Aga gitt ut plater med gruppene Nuisance ("Eye" i 1995 og "Inside Out" i 1996) og Popscore ("Too Late To Turn – Too Early To Panic" i 2002).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016