Hopp til innhold
X
Innhald

Frode Fimland

Frode Fimland (lengst til v.) under opptaka av Norskekysten. Dei andre på biletet er frå v. Odd Arne Stokmo, Hugo Løre, Dag Lindebjerg og Dag Indrebø. Foto: NRK.

Frode Fimland (lengst til v.) under opptaka av Norskekysten. Dei andre på biletet er frå v. Odd Arne Stokmo, Hugo Løre, Dag Lindebjerg og Dag Indrebø. Foto: NRK.

Frode Fimland fødd 1959 på Fimland, busett på Askøy i Hordaland. Filmfotograf og produsent. Han gjekk ut frå medialinja ved Høgskulen i Volda i 1986, og har sidan livnært seg som video- og tv-produsent i Bergen.

Han driv firmaet Film Video AS. For det meste har han laga dokumentarprogram og seriar for NRK og TV2, m.a. serien «Norskekysten» på NRK1 i 2011.

I 2013 kom den første kinofilmen, «Søsken til evig tid», ein dokumentar om livet til søskenparet Oddny og Magnar Kleiva i Naustdal. For denne filmen fekk han Filmweb sin publikumspris.

Frå førpremieren på Søsken til evig tid. Nærast sit Oddny og Magnar Kleiva. Foto: Johan Moen, NRK.

Frå førpremieren på Søsken til evig tid. Nærast sit Oddny og Magnar Kleiva. Foto: Johan Moen, NRK.

Frå filmen om Oddny og Magnar Kleiva. Foto: Frode Fimland.

Frå filmen om Oddny og Magnar Kleiva. Foto: Frode Fimland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016