Hopp til innhold

Anetta Garathun

Anetta Garathun, lærar, forleggjar og annonsesjef. Ho var den første kvinnelege forleggjaren med nynorskbakgrunn og var forleggjar for mellom anna Per Sivle.

Les meir om Anetta Garathun

Anna Gavalda

Anna Gavalda

Anna Gavalda, fransk forfattar som skriv romanar og noveller som blir karakteriserte som feelgood-bestseljarar med høg litterær kvalitet. Ho tek for seg venskap og familieforhold i våre dagars Frankrike.

Les meir om Anna Gavalda

Anne Grimdalen

Grimdalen var fødd i Tokke 1. november 1899 og døydde 3. oktober 1961. Etter Statens handverk- og kunstindustriskule 1922–26 var ho student under Vilhelm Rasmussen ved Statens kunstakademi i Oslo.

Les meir om Anne Grimdalen

Anne Gullestad

Anne Gullestad, skodespelar, instruktør og teatersjef. Gullestad var særleg oppteken av å formidle teaterkunst ute i distrikta og gjekk i bresjen for å opprette regionteater i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les meir om Anne Gullestad

Arne Garborg

Arne Garborg

Arne Garborg, leiande nynorsk forfattar frå siste del av 1800-talet. Romanar, dikt og essay av Garborg er framleis kanoniske verk. Han introduserte filosofiske, litterære og religiøse idear gjennom omfattande skribentverksemd, og han grunnla fleire aviser.

Les meir om Arne Garborg

Arne Grimstad

Arne Grimstad, forfattar, kringkastingsmann, rektor, kåsør og samfunnsdebatt, tilhengjar av både arbeidarrørsla og dei såkalla motkulturane: kristendom, målsak og fråhaldssak.

Les meir om Arne Grimstad

Birgit Gjernes

Birgit Gjernes, radio- og TV-journalist. Ho var den første hallodama som nytta nynorsk i NRK, arbeidde nesten 40 år i kringkastinga og laga kulturprogram som nådde langt ut.

Les meir om Birgit Gjernes

Bjartmar Gjerde

Bjartmar Gjerde, politikar og statsråd for Arbeidarpartiet, kringkastingssjef og arbeidsdirektør. Han var den første olje- og energiministeren i Noreg, frå 1978.

Les meir om Bjartmar Gjerde

Edvard Grieg

Edvard Grieg

Edvard Grieg, norsk pianist og komponist som henta inspirasjon til det særeigne tonespråket sitt i norsk folkemusikk. Musikken hans har av ettertida gjerne vore nytta til skildringar av «det norske».

Les meir om Edvard Grieg

Eivind Groven

Eivind Groven, komponist, musikkforskar og folkemusikksamlar. Han var programleiar i Folkemusikkhalvtimen, komponerte pause- og kjenningssignalet på NRK Radio og laga arrangementet til Arnulf Øverlands dikt «Om kvelden».

Les meir om Eivind Groven

Gerhard Garatun-Tjeldstø

Gerhard Garatun-Tjeldstø, journalist og forfattar. Han fekk læretida si i Gula Tidend, arbeidde i 25 år i Bergens Tidende som fiskerimedarbeidar og teatermeldar, og han skreiv om menneske ved havet.

Les meir om Gerhard Garatun-Tjeldstø

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati

Himanshu Gulati, politikar og statssekretær. Tidlegare formann i Framstegspartiets Ungdom. Han var den første leiaren i FpU med innvandrarbakgrunn og den første fleirkulturelle leiaren i eit ungdomsparti nokon gong.

Les meir om Himanshu Gulati

Hulda Garborg

Hulda Garborg

Hulda Garborg, forfattar og kulturentrepenør og folkeopplysar. Hulda Garborg var med på å grunnleggja Det Norske Teatret i 1912 og var den første styreleiaren der. Ho skreiv vel 40 større og mindre bøker, var dramatikar og sceneinstruktør og gjorde stor kulturhistorisk innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg.

Les meir om Hulda Garborg

Håvard Gibøen

Håvard Knutson Gibøen, spelemann og gardbrukar frå Telemark, den sentrale figuren i ei av dei viktigaste tradisjonslinene i norsk folkemusikk.

Les meir om Håvard Gibøen

Ivar Grøvik

Ivar Grøvik var målmann, folketalar og lokalhistorikar. Grøvik gjorde kultursoga om Sunnmøre til livsoppgåve og brukte store delar av livet sitt på ungdomslagsrørsla.

Les meir om Ivar Grøvik

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal, lærar og forfattar med bygdebakgrunn og stor evne til å avdekkje trongsida i mange slike samfunn, men som også skreiv harmoniske barnebøker frå same miljøet.
Les meir om Knut Gjengedal

Leiv Arne Grimstad

Leiv Arne Grimstad, journalist i lokalavisa Vikebladet Vestposten og forfattar av barnebøker og misjonsbøker. Han har arbeidd som lokalavisjournalist i meir enn 40 år.

Les meir om Leiv Arne Grimstad

Naum Gabo

Naum Gabo, 1890–1977, var russisk-amerikansk bilethoggar og ein av dei leiande figurane innanfor den russiske konstruktivismen.

Les meir om Naum Gabo

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Mateus Gjelsvik, jurist og rettsvitar, og ein av dei fremste målhovdingane tidleg på 1900-talet. Som formann i fleire av dei viktigaste norskdomsorganisasjonane på same tid stod han som ein av dei fremste spydspissane for heile denne rørsla.

Les meir om Nikolaus Gjelsvik

Olav Gullvåg

Olav Gullvåg, journalist og forfattar, som i heimbyen Trondheim vart lagd for hat etter å ha engasjert seg for byen sitt namnebyte til Nidaros. Seinare skreiv han manus til det som skulle verte det første og mest suksessrike sogespelet i Noreg, Stiklestadspelet.

Les meir om Olav Gullvåg

Paul Martinus Gjærder

Paul Martinus Gjærder, sjølvlærd bladmann og boktrykkjer som stor i fremste rekkje blant idealistane som bygde grunnmuren til den nynorske pressa på slutten av 1800-talet.

Les meir om Paul Martinus Gjærder

Peter Gitmark

Peter Gitmark

Peter Skovholt Gitmark, siviløkonom og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Vest-Agder. Han var den yngste stortingsrepresentanten frå Sørlandet gjennom tidene då han blei vald inn som 24-åring i 2001.

Les meir om Peter Gitmark

Sigmund Groven

Sigmund Groven er musikar, komponist og ein av dei fremste munnspelartistane i verda. Bak seg har Groven ei rekkje plater med eigne komposisjonar og tolkingar av populære låtar, folkemusikk og klassiske stykke, til dømes «Vårsøg», frå albumet Songar utan ord frå 1984.

Les meir om Sigmund Groven

Steinar Gimnes

Steinar Olav Gimnes, forskar i nordisk litteratur ved NTNU i Trondheim. Han er ein profilert litteraturformidlar og har gitt ut ei rekkje bøker om norsk litteratur.

Les meir om Steinar Gimnes

Trond Giske

Trond Giske

Trond Giske, stortingsrepresentant og profilert politikar frå Arbeidarpartiet, har markert seg ved å manøvrere både prinsippfast og pragmatisk og utfordrar gjerne sterke miljø og posisjonar.

Les meir om Trond Giske

Ågot Gammersvik

Ågot Gammersvik, etnolog og museumsarbeidar. Dei siste tiåra har ho arbeidd seg fram til ein av dei mest framtredande posisjonane i den norske museumsverda.

Les meir om Ågot Gammersvik