Hopp til innhold
X
Innhald

Agnes Buen Garnås

Agnes Buen Garnås, landskjend kvedar og kulturarbeidar, tradisjonsmedviten og nyskapande på same tid.

Buen Garnås er fødd på Kongsberg 23. oktober 1946 og voks opp i Jondalen i Tuddal. Ho har utdanning som kulturarbeidar frå Høgskolen i Telemark (Telemark distriktshøgskole) og er i dag busett i Bø i Telemark. Læremeistrar for kvedaren Buen Garnås har vore mora Marit Buen, Aslak Brekke, Margit Gunvaldsjord, Torstein Reiassonstad, Margit Finnekåsa og Brita Bratland. 
 
På 1970-talet vart Buen Garnås ei av drivkreftene bak kvedarkursa på Club 7. Gjennom heile karrieren sin har ho hatt ei omfattande kurs- og seminarverksemd, og ho har vore hovudlærar i kveding ved Ole Bull-akademiet sidan 1990. Ho var medredaktør for bøkene Ei vise vil eg kveda! (1978) og 54 viser og stev frå Telemark (1984). I tillegg til ei rekkje organisatoriske verv tok ho i 2002 initiativet til skipinga av Norsk Kvedarforum.
Buen Garnås har vunne førstepremie på landskappleiken ved fleire høve, første gong i 1965. Til dei viktigaste utmerkingane hennar høyrer Lindemanprisen (1989), Osaprisen (1994) og Norsk kulturråds ærespris (2005). Ho vart i 2002 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt som utøvar og kulturarbeidar og som formidlar av den vokale folkemusikken innanfor norsk musikkultur.
 
Draumkvedet og Rosensfole
Buen Garnås har utvikla ein personleg syngestil som er rik på ornamentikk, og i songen hennar kan ein høyre hyppige førekomstar av reinstemde intervall, altså tonesprang som ikkje finst i temperert dur-/moll-tonalitet.
Sentralt i repertoaret hennar står mellomalderballadane. På 1980-talet skulle Buen Garnås stå bak to plateproduksjonar på Kirkelig Kulturverksted med slik musikk, utgivingar som fekk mykje merksemd, og som gjorde henne kjend utanfor folkemusikkrinsar. Draumkvedet frå 1984 var første innspeling av dette visjonsdiktet på 20 år og den første nokon gong der vokalstemma blir følgd av instrumentalmusikk. Her blir dei 43 versa, som ho framfører etter M.B. Landstads Norske folkeviser, akkompagnerte av saksofon og fløyte (Harald Gundhus), hardingfele (Knut Buen), orgel (Kåre Nordstoga) og keltisk harpe (Warren Carlström). Arrangementa er tilskipa av Harald Gundhus med utgangspunkt i dei gamle draumkvede-melodiane, slåttar frå Telemark og nyskrive stoff av Knut Buen. Plata vart heidra med spelemannsprisen. Seinare har Buen Garnås jamleg framført Draumkvedet, både med akkompagnement og solo.
I 1989 gav Buen Garnås ut plata Rosensfole saman med Jan Garbarek. Materialet på plata er hovudsakleg balladestoff som til dømes «Margjit og Targjei Risvollo», «Venelite og Bergjekongen» og «Riddevall og Grisilla». Desse framfører Buen Garnås i utgangspunktet på tradisjonell måte, men balladane blir akkompagnerte av Garbareks nyskrivne arrangement for saksofon, perkusjon og synthesizer. Utgivinga har internasjonal distribusjon gjennom plateselskapet ECM. Musikk frå Rosensfole har sidan vorte brukt i koreografen Kristin Gjems’ danseframsyning «Et sætera: Ho styrde sine skip» (Collage dansekompani, 1992). Buen Garnås har hatt fleire turnear saman med Garbarek og Mari Boine nasjonalt og internasjonalt, m.a. med konsertar i London. Ho medverkar også på Garbarek-plata Twelve moons (1992).
Seinare prosjekt og utgivingar
Saman med broren Knut Buen står Buen Garnås bak Tusseliten og Trippeliti: Norsk barnetradisjon i leik, song og soge, eit prosjekt med folkemusikk for born, som er utgitt både som cd og notehefte (1990). Plata inneheld 43 sullar, viser, regler og forteljingar. Dei to har vidare gitt ut Stev og slått (1996), ei plateutgiving som også inneheld utfyllande tekstmateriale. I tillegg har ho vore medmusikar på ei rekkje av brorens plateprosjekt sidan 1970-talet.
Saman med Sinikka Langeland, Halvor Håkanes, Eli Storbekken og Anne Marit Jacobsen turnerte Buen Garnås i 1995 med framsyninga «Det syng: Ballader på vandring». Dette prosjektet om nordiske balladar og folketonars vandring over landegrensene resulterte i ei plateutgiving med same tittel i 1997.
I 2002 gav ho ut ei plate med Magnus Brostrup Landstads folkeviser og salmar, Han rider den mørke natt, der den danske perkusjonisten Marilyn Mazur er mellom medmusikarane. Same år kom plata Soltreet, ei samling med nyare og eldre opptak, som dels hadde vore utgitt på kassett tidlegare.
Kjelder
Bjørn Aksdal: «Agnes Buen Garnås», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001
Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982
Tore Skaug: «’– det tek tid å lære hjartespråket’: Samtale med Agnes Buen Garnås», Årbok for norsk folkemusikk 2002
 
Peikarar

Først publisert: 23.09.2011
Sist oppdatert: 18.10.2017