Hopp til innhold
X
Innhald

Ågot Gammersvik

Ågot Gammersvik, etnolog og museumsarbeidar. Dei siste tiåra har ho arbeidd seg fram til ein av dei mest framtredande posisjonane i den norske museumsverda.

Ågot Gammersvik er fødd 30. mars 1949 i Drammen. Ho har utdanning som etnolog frå universiteta i Bergen og Oslo og har ei rekkje faglege arbeid bak seg. Etter å ha arbeidd på oppdrag for mellom anna Nordfjord folkemuseum og fleire fylkeskonservatorar gjekk ho i 1985 inn i museumsbransjen som konservator og direktør for Hardanger folkemuseum. I 2001–02 var ho direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, 2002–10 var ho direktør ved museet Maihaugen på Lillehammer og 2010–13 var ho administrerande direktør for Lillehammer museum. 2013–15 var ho rådgivar ved Forsvarsmuseet og sidan 2016 har ho vore vore prosjektleiar ved Bergenhus festningsmuseum. 

Gammersvik har arbeidd mykje med strategisk museumsutvikling, mellom anna gjennom eit omfattande samarbeid mellom Maihaugen og Norsk Folkemuseum. Ho har ikkje minst vore oppteken av musea si rolle i reiselivet og med å dokumentere samtida, og ho har vore med på prosjekta «Dokument 2000» og «På sporet av den tapte samtid».

Gammersvik har hatt ei rekkje styreverv, mellom anna som leiar for Norges Museumsforbund, som medlem i sentralstyret for HSH (Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon) og som varamedlem i Norsk kulturråd. Ho sat dessutan i Strategisk råd for reiseliv, som vart oppnemnt av regjeringa i 2008, der ei rekkje av toppleiarane i norsk reiseliv er med.

Kjelder

Ågot Gammersvik, e-post 29.6.2011

Ågot Gammersvik, «Om» på facebook.com: https://www.facebook.com/aagot.gammersvik/about?section=education&lst=664422670%3A589742210%3A1569402374 [lesedato 25.9.2019]

Ragnhild Moen Holø: «Ågot Gammersvik trekker seg», nrk.no, publisert 15.5.2013: https://www.nrk.no/innlandet/agot-gammersvik-trekker-seg-1.11028260 [lesedato 25.9.2019]

Først publisert: 10.09.2009
Sist oppdatert: 25.09.2019