Hopp til innhold

Anetta Garathun

Anetta Garathun, lærar, forleggjar og annonsesjef. Ho var den første kvinnelege forleggjaren med nynorskbakgrunn og var forleggjar for mellom anna Per Sivle.

Garathun var fødd i Grytten i Romsdal 8. juli 1856 og døydde 15. mai 1950. Etter avslutta ungdomsskule og folkehøgskule var ho lærar i Elverum 1877–83. Ho arbeidde i Kristiania frå 1891 som lærar, dessutan i Søren Mittets forlag.
 
Saman med Magnus Hydle skipa ho forlaget Hydle & Co. i 1894. Alt året etter tok ho over verksemda og dreiv vidare åleine under namnet A. Garathuns Forlagsbokhandel fram til 1902. I åra 1894–96 gav ho her ut åtte landsmålsbøker. Blant desse var Kari Liti (1895) av Brita Bjørgum, den første lengre forteljinga ei kvinne skreiv på landsmål, og fleire bøker av Per Sivle. Forlaget var ein møteplass for hardingar i Kristiania og tente som ekspedisjonssentral for Syn og Segn og bøker frå Samlaget.
 
Garathun var med og arrangerte Den norske marknaden i 1898. Frå 1908 var ho annonsesjef i vekemagasinet Vor tid, som Kyrre Grepp redigerte og gav ut, og ho budde i seinare år i Bærum.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013