Hopp til innhold
X
Innhald

Anja Garbarek

Anja Garbarek, fødd 1970, er rockkomponist og vokalist. 

Anja Garbarek er eksperimentell i forma og inspirert av musikken som oppstod i skjeringspunktet mellom pop, house og techno midt i 1990-åra.

Garbarek er dotter av musikaren og komponisten Jan Garbarek. 

Ho har gjeve ut albuma Velkommen inn (1992), Balloon Mood (1996), Smiling and Waving (2001) og Briefly Shaking (2005) og Angel-A (2006). Garbarek fekk Spellemannprisen i 2001. 

Sjå video, Anja Garbarek «The Last Trick»:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 07.08.2018