Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Grimdalen

Grimdalen var fødd i Tokke 1. november 1899 og døydde 3. oktober 1961. Etter Statens handverk- og kunstindustriskule 1922–26 var ho student under Vilhelm Rasmussen ved Statens kunstakademi i Oslo.

Ho debuterte på Statens kunstutstilling i 1928 med ein byste. Eit tingingsverk av bjørnungar frå Tilla og Otto Valstad i Asker blei inngangen til dyreverda. Grimdalen skapte svært mange fine skulpturar av både dyr og menneske.
 
Om lag 40 av verka hennar er i offentleg eige, mellom andre monumenta over Magnus Brostrup Landstad i Seljord og Anders Hovden i Ørsta.
 
Grimdalen hadde statens kunstnarløn frå 1959 og fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1950 for utsmykkingane sine ved Oslo Rådhus.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 04.02.2013