Hopp til innhold
X
Innhald

Anthony Gormley

Anthony Gormley, fødd 1950, er britisk skulptør.

Gormley framstiller menneskefiguren som ei stilisert, universell form. Han nyttar sin eigen kropp som modell for støypte bly- og jernskulpturar, mellom anna i Skulpturlandskap Nordland (1996). Gormley laga også ein installasjon på Solastranda i Jæren i 1998–2000 med mannsskulpturar i naturleg storleik som er plasserte på sandstranda og utover i havet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016