Hopp til innhold
Arild Grande. Foto: Stortinget.
Arild Grande. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Arild Grande

Arild Aglen Grande, organist, politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Nord-Trøndelag sidan 2005.

Arild Grande er fødd 5. april 1978 i Trondheim i Sør-Trøndelag og voks opp i Levanger i Nord-Trøndelag. Han var elev ved Levanger videregående skole i 1994–97 og studerte til organist ved institutt for kyrkjemusikk ved NTNU i 2003–05.

Grande arbeidde som fylkessekretær i AUF i Nord-Trøndelag i 1997–2000 og var organist i Levanger i 2000–05, før han blei vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sør-Trøndelag i 2005.

Han var leiar av Nord-Trøndelag AUF i 2000–02 og var representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 2003–05, før han kom inn som vararepresentant og møtte fast for statsråd Bjarne Håkon Hansen på Stortinget etter valet i 2005. Grande var då medlem i kommunal- og forvaltningskomiteen, Han fekk fast plass på Stortinget frå 2009, og i perioden 2013–17 er han medlem av familie- og kulturkomiteen og mediepolitisk talsmann for Arbeidarpartiet.

Politisk er Arild Grande særleg oppteken av medie- og kulturpolitikk, og han har vore sentral i arbeidet med endringa av NRK-lisensen.

Arild Grande har hatt fleire administrative verv og tillitsverv. Han var leiar av Nord-Trøndelag barne- og ungdomsråd i 2001–02, leiar av utdanning-, kultur- og helsekomiteen i Nord-Trøndelag i 2003–05 og medlem av kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene i 2006–09. Grande var òg leiar av Mannspanelet i 2007–08.

Kjelder

Arild Grande, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=AAST [lesedato 1.3.2016]

Peikarar

Arild Grande: «Kommentariatets enkle analyser», aftenposten.no

Først publisert: 02.03.2017
Sist oppdatert: 02.03.2017