Hopp til innhold
Foto: Privat, brukt etter løyve frå Arnljot Grimstad.
Foto: Privat, brukt etter løyve frå Arnljot Grimstad.
X
Innhald

Arnljot Grimstad

Arnljot Grimstad er lærar, dramatikar og barnebokforfattar.

Arnljot Grimstad er fødd 25. august 1931 i Hareid og er busett i Leikong på Gurskøy i Herøy kommune. Han var sjømann i 1949–58 og tok maskinistskule i 1953 før han gjekk fireårig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1958–62.
Grimstad var lærar (1962–70) og rektor ved Sogndal folkehøgskule (1963–64) og seinare også rektor ved Leikanger skule i Herøy (1970–96).
Han har skrive fleire sketsjar og komediar, mellom anna Sketsjar (1963), Her går det for seg og Den som ler sist (oppført på 1980-talet). Grimstad har dramatisert kyrkjespela Vegen til Betlehem og Verdsbiletet for amatørteater, og står bak det årlege Herøyspelet (frå 1992).
Grimstad har skrive i Sunnmørsposten og seinare i Vestlandsnytt under psevdonymet Stratis P. Banis. Han har utgitt fleire bøker, mellom anna Livet i heimen (2002) og Det hender så mangt bak ein vegg (2004). I Skopussaren frå Buenaventura: soger frå dei sju hav (2006) har han samla minne frå tida som sjømann. I 2013 gav han ut Gullgruve mellom to permar.
Grimstad har skrive tre barnebøker. Med Martinelli på dei sju hav vart utgitt i 1993. I 1998 kom På Mindanao står treet med hytta i toppen, og Vegen til Betlehem: ei legende kom ut i 2004.
Han starta Leikong blandakor i 1970, har dirigert fleire kor og skrive kormusikk, mellom anna Maria-vise (1994). I 2001 skreiv Grimstad teksten til mini-operaen Hårek den hardbalne kjem heim.
Grimstad fekk Herøy kommunes kulturpris i 1992 og Kongens fortenestemedalje i gull i 2009. I 2011 vart han utnemnd til Paul Harris Fellow, Rotary International sin heiderspris.
Kjelder
Arnljot Grimstad, e-post 13.10.2016.
Dramas, dramas.no, manus av Arnljot Grimstad, http://www.dramas.no/Default.aspx [lesedato 2.8.2011]
Herøyspelet, nettstad, http://www.heroyspelet.no [lesedato 2.8.2011]
«Kongens gull til Arnljot Grimstad, Herøy», Fylkesmannen i Møre og Romsdal, sist oppdatert 23.3.2010, http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1745&amid=2602878 [lesedato 2.8.2011]
Peikarar

Først publisert: 02.08.2011
Sist oppdatert: 17.10.2016