Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Grahl-Madsen

Atle Grahl-Madsen, 1922–90, var jurist med dr.jur.-grad frå 1967. Han verka som professor i internasjonal rett ved Uppsala universitet i åra 1976–80, og deretter i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Grahl-Madsen hadde ei rekkje verv som rådgivar i folkerettslege spørsmål for norske og internasjonale organ, og han gav ut fleire arbeid på området. Dessutan var han ein internasjonalt høgt respektert forskar i flyktningerett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012